Kulturskolelærar - faste stillingar
Midt-Telemark kulturskole er organisert under eining for kultur og fritid. Det er omlag åtte årsverk i ulike stillingsprosentar knytt til kulturskulen som tel rundt ca 430 elevplassar. Midt-Telemark kulturskole er for tida i ei positiv utvikling. Rektor i kulturskulen er næraste overordna.
Kulturskolen er lokalisert i Gullbring kulturanlegg og på Gvarv skole.
Midt-Telemark kulturskole gir tilbod om musikk, dans, visuell kunst og teater. Midt-Telemark kulturskole samarbeider tett med dei lokale friviljuge laga innan kulturfeltet som korps, spelemannslag og kor.
Vi har ledig
- Pianolærar 40%
- Lærar i folkedans 20%
- Kordireksjon 16%
Arbeidsoppgåver
Undervisning i piano av elevar i alderen 8-19 år enkeltvis og/eller i gruppe.
Undervisning av barn i alderen 8-19 år i gruppe i folkedans og halling
Direksjon av blanda kor, vaksne
Gjennomføre nokre tverrfaglege prosjekt gjennom året.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Utdanning frå musikkkonservatorium eller anna musikkfagleg utdanning til søkere på piano og kordirigentstilling.
Ønska kompetanse
- Dansefaglig utdanning fra høgskole er ønskelig til stillinga i folkedans.
- Pedagogisk utdanning eller PPU er ønskeleg til alle stillingane.
- Det er nødvendig at pianolærer kan akkompagnere og delta i samspel med elevar og lærarar i kulturskolen.
- Erfaring med undervisning av barn enkeltvis og i gruppe
- Lærer i folkedans bør ha kunnskap om dansetradisjonane i Telemark
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 10-9. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer personar som har god evne til å jobbe sjølvstendig, og som er opne og fleksible.
- Det blir lagt vekt på personleg interesse og motivasjon for å jobbe med barn og unge.
- Lærarar i kulturskulen må kunne arbeide tverrfagleg i lag med elevar og lærarar i kulturskulen generelt.
- Samarbeid og samhandling med kollegaer og eige initiativ til prosjekt og konserter blir lagt stor vekt på.
- Relasjonskompetanse er nødvendig.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Guri Røsok, Kulturskolerektor, +47 99391171Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4782720362
Stillingsprosent: 40, 20, 16%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 15.04.2024
Om bedriften
I staben (den sentrale administrasjonen) jobbar me for heile kommunen. Me er tre einingar som ivaretek oppgåver innan personalforvaltning, kommunikasjon, service, arkiv, politisk sekretariat og økonomiforvaltning. Kultur og fritid er også organisatorisk plassert i staben. Staben er i hovudsak ein tilretteleggar, rådgjevar og støtte til leiarane i rolla deira. Me skal sørgje for gode arbeidsprosessar, system, retningslinjer ol., og bidra til å sikre god medråderett mellom tilsette og kommunen som arbeidsgjevar. Me har også ansvar for informasjon og dialog med innbyggjarane gjennom ma. heimeside og sosial medie.
Staben blir leia av assisterande kommunedirektør og held til i kommunehuset i Bø.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.