Psykologspesialist/psykolog
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Oppstart
17. august 2020
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Org. nr: - Stillingsident: 4208144979 Presentasjon av stillingen:
Psykiatrisk klinikk har ledig 100% fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, DPS dag i Førde. Den tilsette må kunne jobbe andre stadar ved behov.
Psykiatrisk klinikk gjev allmennpsykiatriske tenester til 12 kommunar i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk.
DPS dag er ein poliklinikk med tilsette med ulik yrkesbakgrunn; psykologspesialist, psykolog, psykiater, lege, psykiatrisk sjukepleiar, jobbspesialistar, vernepleiar og sosionom. Det er og eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Vi har totalt 14 psykologspesialistar og psykologar tilsett ved avdelinga Psykiatrisk klinikk.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane.
- Viktige samarbeidspartar vil vere fastlege, legevakt og den kommunale psykiatritenesta. Den som blir tilsett vil vera med og utvikla tenestetilbodet.
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/psykolog med norsk autoriasjon i klinisk psykolog
- Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg og ha gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Førerkort klasse B.
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Veiledning og deltaking på kurs som ledd i spesialistutdanning for psykologar som er under utdanning til å bli psykologspesialist
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Tor Christopher Fink, Seksjonsleiar DPS Dag, (+47) 995 45 570
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4208144979
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.08.2020
Søknadsfrist: 15.04.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
603560
- Sist endret
16. april 2020
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4208144979_Psykiatrisk klinikk, Helse Førde_webcruiter