FAGARBEIDAR SKULE OG SFO
Skulane i Kvam søkjer barne- og ungdomsarbeidarar/fagarbeidarar til faste stillingar og vikariat for skuleåret 2024/2025. Stillingstorleik og antal stillingar kan variera etter behov på dei ulike skulane. Som fagarbeidar vert du ein del av laget kring elevane, der målet alltid er at dei skal ha eit trygt og godt miljø og få hjelp til fagleg og sosial utvikling.
Me er opptekne av gode fagmiljø og arbeider kontinuerleg med kompetanseutvikling. Kvammaskulen har fokus på: Implementering av ny læreplan, BTI (Betre tverrfagleg innsats), VFL (vurdering for læring), LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse) og Udir si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å skapa ein god kvardag for både det einskilde barn og grupper, i samarbeid med lærar/støtteteam
- Tilrettelegga fagleg og sosialt for elevar i skule og SFO både innandørs og utandørs
- Vera badevakt for symjeundervisning
- Vera ein trygg vaksen og leggja til rette for leik og læring
- Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
- Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i skulen
Kvalifikasjonar
- Ynskje om norsk godkjenning som fagarbeidar innan barne og ungdomsarbeidarfaget, men me er og interessert i deg som har anna relevant utdanning eller yrkeserfaring som ynskjer å arbeida i skulen
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
- Erfaring frå arbeid i skule er ein fordel
- Digital kompetanse
- Krav om godkjent livredningskurs - eller vilje til å gjennomføra dette
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden
Personlege eigenskapar
Me treng fagarbeidarar som:
- Har eit positivt barnesyn - "Barn gjer så godt dei kan"
- Har godt humør, tek ansvar, finn løysingar og arbeider sjølvstendig
- Er fagleg oppdaterte og evnar å inspirera og engasjera barn
- Klarer å stå i krevjande situasjonar over tid
- Møter andre med respekt
- Påliteleg og omsorgsfull
- Viser høg etisk standard
Vi tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Inga Lill Jensen Tolo, Leiar for skule, +47 951 19 865Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4798349888
Stillingsprosent: 60, 50%
Vikar, Fast
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir