Er du vår nye kollega innen lønnsadministrasjonen?
Ål kommune HR-avdeling
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
Stillingstittel
Lønnskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Ål kommune søkjer etter ein lønnskonsulent som kan vere med på å styrke laget vårt. I denne rollen vil du jobbe med kommunens lønnsarbeid saman med lønnsansvarlig. Hjå oss vil bli ein del av eit dyktig og inkluderande fagmiljø, med HR-leiar som din nærmaste leiar. Vi leitar etter ein person som er klar for nye utfordringar og som kan vere med på å utvikle kommunen vår vidare!
Det er ein fordel om du har tidligare erfaring frå offentleg sektor, men hjå oss vil du få grundig opplæring, og vi oppfordrer difor også nyutdanna til å søkje på stillinga!
Arbeidsoppgåver- registrering og kontroll av lønnsdata i fagsystem
- lønnskøyringar og avstemmingar
- halde ajour i tilsetteopplysningar i HRM
- innrapportering av mellom anna pensjon, a-meldingar, skatt og arbeidsgjevaravgift og andre registre
- registrere fagforeining, påleggstrekk og andre trekk
- saksbehandling relatert til ansvarsområde og avslutte tilsette i lønns- og personalsystemet m.m.
- bidra til vidareutvikling av fagområdet, her under prosessforbetring, effektivisering og digitalisering
- delta i årsoppgjer
- rapportering til blant annet KLP, PAI, KS og Statistisk Sentralbyrå
- rettleiing og rådgjeving på relevant regelverk
- bidra til eit godt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane
- støtte kollegaer og bidra til utvikling av teamet
- andre oppgåver innafor fagområdet, avhengig av kommunen sitt behov
- relevant høgare utdanning innafor økonomi/administrasjon
- relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning eller praksis
- det er ein fordel om du har kjennskap til lov- og avtaleverk innafor lønnsområdet
- trivst med å rettleie brukarar med ulik forståing av lønnsfaget
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag
- service- og brukerorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i samhandling med andre
- relasjonsbyggjar: du er positiv og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivå i organisasjonen
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr- du blir ein del av eit team med fagleg dyktige medarbeidarar
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- pensjonsordning i KLP
- gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet
- gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst i Ål kommune gjennom kurs og vidareutdanning
- Ål kommune deltek i eit samarbeid med Gol kommune og Hemsedal kommune.
Ein vil ha felles kontordag/-ar på Gol.
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2817472
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3443793_211247_nn