Mellombels forskar i berekningsmetodar for kondensat//Liquid-Liquid Phase Separation biologi
Universitetet i Bergen
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Mellombels forskar i berekningsmetodar for kondensat//Liquid-Liquid Phase Separation biologi
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. desember
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar 1109 i berekningsmetodar for kondensat//Liquid-Liquid Phase Separation biologi
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei mellombels stilling som forskar i berekningsmetodar for kondensat//Liquid-Liquid Phase Separation biologi.
Stillinga er for ein periode på 18 månadar og knytt til NFR-prosjektet FLICKR-PRINT.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt til Sushma Grellscheid si tverrfaglege forskingsgruppe ved Institutt for informatikk og Computational Biology Unit ved Universitetet i Bergen. Prosjektet er svært tverrfagleg, og ligg i grensesnittet mellom biologi, fysikk og informatikk. Det søkjer å utvikle berekningsmetodar for å kunne studere dei fysiske eigenskapane til biologiske LLPS-kondensat. Dette arbeidet blir gjort i tett samarbeid med eksperimentelle biologar i gruppa og internasjonale samarbeidspartnarar i myk materie fysikk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor bioinformatikk, biokjemi, biofysikk, informatikk eller tilsvarande.
- Erfaring med å utvikle berekningsbaserte simuleringar for biomolekylære kondensat er eit krav.
- Erfaring med å utvikle eller tilpasse nye algoritmar og pipelines for å støtte spesiallaga/eigendefinert analyse og visualisering av data er eit krav.
- Programmering i Linux / Bash og Python er eit krav.
- Erfaring med teoretisk eller eksperimentell biofysikk er ein føremon.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, inkludert systematisk dokumentering av alt arbeid, samt kunne utarbeide kvalitetsrapport av sluttanalysar og resultat for manuskript. Søkjarar må òg ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi kan tilby
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 624 500 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
- Relevante attestar
- Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Sushma Grellscheid på +47 55584419 eller sushma.grellscheid@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Karoline Christiansen på +47 55 58 47 70 eller karoline.christiansen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig