Barnevernskonsulent
Herøy kommune, seksjon for barnevern
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Om jobben
Stillingstittel
Barnevernskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Velkomen til deg som ynskjer å bidra i arbeid med utsette barn, unge og deira familiar, og som ynskjer å bidra til å utvikle barnevernstenesta vår vidare.
Vi har ledig ei fast, 100 prosents stilling som barnevernskonsulent frå 01.09.2024. Det kan vere ynskjeleg med tidlegare oppstart.
Det viktigaste arbeidsområdet som ligg til stillinga er sakshandsaming etter lov om barnevernstenester. Den vi tilsett vil få eit spesielt ansvar for å vere kontaktperson, følge opp barn og familie og fosterfamilie med tiltak og familierettleiing.
Barnevernstenesta er lokalisert på Eggesbønes i avdeling for barn, familie og helse. Avdelinga er samlokalisert med seksjon for førebygging (helsestasjonen), seksjon for psykisk helse og rus, og seksjon for rehabilitering. Seksjon for barnevern har ni tilsette og er organisert i team.
Arbeidsoppgåver
- vere kontaktperson for barn
- samarbeide med barn og foreldre
- utgreiing og oppfølging etter lov om barnevernsteneste
- familierettleiing
- sakshandsaming for barnevern- og helsenemnd/rett
- koordinering og evaluering
- utøve god internkontroll
Du må rekne med ein del reiseverksemd og ubekvem arbeidstid.
Kvalifikasjonar
- bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
- sekundært annan helsefagleg eller pedagogisk utdanning minimum på bachelornivå
- relevant vidareutdanning er svært ønskeleg
- erfaring frå sakshandsaming i kommunalt barnevern er ein fordel
- god kjennskap til lov om barnevernstenester og anna relevant lovverk
- gode datakunnskapar
- førarkort klasse B
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- evne til å tole pressa situasjonar og kjenslemessige påkjenningar
- god evne til refleksjon, fleksibilitet og god handlingskomptanse
- kan arbeide målretta, ha god struktur og gjennomføringsevne når det gjeld å iverksette og gjennomføre arbeidet i barnevernstenesta
- utføre arbeidsoppgåvene med respekt for dei menneska ein arbeider med
- vere etterretteleg og reflektert
- ha evne til å finne positive løysingar og vere ein god støttespelar
- god arbeidskapasitet og god evne til sjølvleiing, fleksibilitet og det å vere eigna vert vektlagt
Vi tilbyr
- spennande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø
- løn etter avtale
- fleksitidsavtale
- systematisk rettleiing
- moglegheit til fagleg utvikling
- inkluderande arbeidslivsverksemd
- god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Christine Riise Øvrelid, Seksjonsleiar barnevern, +47 90647560Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4769758386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2024
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2580908
- Sist endret
23. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8259c351ea3d46f9bf8f4c198cb5ac5a