Avdeling for psykisk helse og rusarbeid
Me søkjer ein engasjert, reflektert og løysingsorientert leiar.
Om arbeidsstaden
Avdeling for psykisk helse og rusarbeid i Voss herad har om lag 30 tilsette som arbeider i ambulerande team, Oasen aktivitetssenter og ved Vetleflaten omsorgsbustader. Det er om lag 180 tenestemottakarar som nyttar seg av tilboda våre. Avdelinga er i utvikling når det gjeld framtidsretta tenester til innbyggjarar med utfordringar innan feltet psykisk helse og eller rusutfordringar.
Arbeidsoppgåver
Du vil få det daglege driftansvaret for Oasen dagsenter, Ambulerande team og omsorgsbustadane:
- Sørge for fagleg høg standard på tenestene innan gitte rammer
- Sikre ein god arbeidsflyt på eit heilskapleg grunnlag som har brukarane i fokus
- Medrivkar til at tenestene me gjer er koordinerte, heilheitlege og med kvalitet i alle ledd
- Tenesteutvikling, brukarmedverknad og førebygging vil vere sentralt i arbeidet
Me søkjer
- Høgare utdanning innan helsefag, til dømes spesialsjukepleiar eller vernepleiar.
- Vidareutdanning / erfaring frå psykisk helse og/eller rusarbeid er ønskeleg, men ikkje ein føresetnad. Andre med relevant utdanning og eller erfaring er velkomne til å søkje
- Leiarerfaring frå fagfeltet psykisk helse og/eller rusarbeid er ønskeleg, men ikkje ein føresetnad.
- Kjennskap til journalsystemet Gerica, Gat og Visma er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Ein person med hjarte for psykisk helse og rusarbeid, som har ynskje og evne til å bidra til eit heilskapeleg og framtidsretta tilbod.
Me tilbyr
- Ei spanande og gjevande stilling i ein kommune i utvikling
- Eit utfordrande, kompetanseorientert og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons - og forsikringsordningar
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Lønn og arbeidsvilkår etter tariff og lokal lønnspolitikk
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2.ledd kan opplysningar som søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her