10 nye stillingar i psykisk helseteneste
Årdal kommune har 10 nye stillingar innan psykisk helseteneste
Psykisk helseteneste er per i dag ein eigen avdeling organisert under Helse i Årdal kommune. Me gjev teneste etter vedtak til dei som opplever livskriser, har psykiske plager og lidingar, og-eller rusutfordringar.
I dag er det 9 årsverk i psykisk helseteneste med ein høg grad av tverrfagleg kompetanse. Frå februar 2020 skal me etablere eit heildøgnsbutilbod til menneske med psykisk liding / rusavhengigheit og kognitiv svikt. Til dette treng me 10 nye årsverk inn i psykisk helseteneste. Her blir det turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus.
I avdelinga har me også ei dagtidsteneste som jobbar med heimebuande innbyggjarar. Her yt ein tenester som støttesamtalar og buoppfølging. Dagtidstenesta driv også dagsentertilbod og tilbod om fysisk aktivitet. Tilsette som yt dagtidstenesta også deltar i turnusarbeid på bufelleskapet ved behov.
Me leitar etter miljøterapeutar og miljøarbeiderar. Oppstart februar 2020.
Me tilbyr heiltidsstillingar men kan vurdere både deltids- og heiltidsstillingar ved førespurnad, til saman 10 årsverk.
Det er lyst ut 8 faste stillingar og 2 to-årig prosjektstillingar, med moglegheit for fast tilsetjing.
Bufellesskap:
- Utarbeide mål og tiltak i samarbeid med brukaren og jobbe målretta med brukaren mot desse.
- Dagleg miljøterapeutisk arbeid som praktisk bistand og rettleiing av daglege gjeremål
- Bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer.
Fellesoppgåver
- Yte tenester knytta til enkeltvedtak. Dette inneber individuelle støttesamtalar og/eller miljøterapeutiske tiltak i heimen til brukar som veiledning og opplæring.
- Utarbeide, følgje opp og evaluere mål og tiltak for brukarar.
- Utarbeide og følgje opp Individuell plan.
- Delta på dagsentertilbod der personal og brukarar saman skal bidra til eit sosialt fellesskap.
- Koordinere ansvarsgruppar, samarbeide tverrfagleg kommunalt, interkommunalt og inn mot spesialithelsetenesta.
- Samarbeid med pårørande og verge.
- Dokumentere i henhold til gjeldande lovverk.
- Moglegheit for å delta i det kommunale kriseteamet.
- Veilede og undervise kollegaer og studentar.
- Delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
Særoppgåver:
- Sjukepleiar/spesialsjukepleiar/vernepleiar: Ansvar for legemiddelhandtering, særleg ansvar for å ivareta den somatiske helsa til brukaren.
Kvalifikasjonskrav
- Miljøterapeut: 3-årig helse og sosialfagleg høgare utdanning som sjukepleiar/vernepleiar, sosionom, barne og ungdomsarbeidar, andre med relevant utdanning.
- Miljøarbeidar: Fagbrev som helsefagarbeidar, kompetanse og/eller erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
- Ynskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, rus, kognitiv terapi, aktiv omsorg, psykologi, barn og ungdom eller anna relevant fag
- Ynskjeleg med arbeidserfaring innan psykisk helse/rusarbeid
- Ynskjeleg med kunnskap og/eller erfaring innan ernæring og fysisk aktivitet
- Ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og ansvarsbevisst
- Likar å arbeide både sjølvstendig og i team
- Kunne tilpasse seg brukarens behov
- Evne til refleksjon over eigen praksis samt praksis i tenesta
- Beherske norsk både munnleg og skriftleg
Me tilbyr
- Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
- Godt fag- og arbeidsmiljø
- Deltaking på kurs, konferanse og nettverksamlingar
- Moglegheit for å ta vidareutdanning
- Ei teneste som er i endring og utvikling
- Hjelp til å skaffe bustad, barnehageplass og evt. arbeid til partnar
- Lån og tilskot til kjøp av bustad, kr. 80 000,-.
Anna:
Politiattest må framleggjast ved tilsetjing.
Løn og andre vilkår etter gjeldande tariffavtalar.
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
Om bedriften
Me har ein visjon om at Årdal kommune skal vera ein god kommune å bu, leva og arbeida i.Me er omlag 5.261 innbyggjarar fordelt på tettstadene Øvre Årdal og Årdalstangen. Årdal ligg der Sognefjorden kryp på land, ved inngangen til Utladalen og Jotunheimen. Kommunen har svært gode vilkår for friluftsliv og gode offentlege tilbod som mellom anna vidaregåande skule, kulturskule, full barnehagedekning, idrettshallar, treningssenter, kunstgrasbaner, friluftsbad og moderne kino. Årdal kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 550 tilsette fordelt på 460 årsverk. Årdal kommune har eiga bedriftshytte for tilsette og kan yte lån og tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon finn du på heimesida vår: www.ardal.kommune.no