100% undervisningsvikariat i norsk og engelsk
Vi søkjer etter ein lærar til eit årsvikariat i 100% stilling, med oppstart 01.08.2022. Undervisninga er i hovudsak i språkklassa (jobbsjansen B) i faga norsk og engelsk.
Deltakarane i språkklassa skal i utdanningsval bli kjende med det norske skulesystemet og legge grunnlaget for søkning til Vg1.
For meir info om språkklassa sjå her: https://ulstein.vgs.no/utdanningstilbod/spraakklassa
Vi søkjer deg som
- Har utdanning minimum på bachelornivå, med undervisningskompetanse i norsk og/eller engelsk.
- Har PPU.
- Er nyskapande, fleksibel og kan samhandle.
- Har høge ambisjonar på vegne av elevane, god formidlingsevne og eit positivt elevsyn.
- Er ein tydeleg leiar i klasserommet og evnar å bygge gode relasjonar til elevar og mellom elevane.
- Er utviklingsorientert og initiativrik.
Det er ein fordel om du har erfaring frå undervisning av minioritetsspråklege.
Undervisningserfaring frå vidaregåande skule vil bli vektlagt, men personar utan slik erfaring er også velkomne til å søkje.
Vi tilbyr
- introduksjonsprogram
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
- løn etter tariff
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Om skulen
Ulstein vidaregåande skule ligg høgt og fritt i Høddvollområdet, nokre km frå sentrum av Ulsteinvik. Skulen har ca 550 elevar og har tilbod innan studiespesialisering og studiespesialisering med teknologi og innovasjon, idrettsfag, elektro og datateknologi, salg, service og reiseliv, informasjonsteknologi og medieproduksjon, og påbygging til generell studiekompetanse.
Skulen er ein del av ein allsidig og spennande region, der blant anna den maritime industrien står sterkt. Skulen har godt samarbeid både med lokalsamfunnet, det maritime miljøet og næringslivet elles. Flott natur, hav og fjell er innafor korte reiseavstandar. Området har elles eit rikt kulturliv.
Andre opplysningar
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova § 10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarliste
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber difor om at du sender elektronisk søknad. Kallar vi deg inn til intervju, må du ta med deg originale vitnemål og attestar.
Søknadsfrist 18.05.2022
Vårref 5461
Kontaktpersonar
Gunhild Snipsøyr, Avdelingsleiar, tlf: +4771281017, mobil: 41674885, gunhild.snipsoyr@mrfylke.no
Jon Arne Garshol Haram, Ass.rektor, tlf: +4771281005, mobil: +4799627897, jon.arne.garshol.haram@mrfylke.no