Barnehagelærar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Barnehagelærar, vikariat 100% i tidsrommet 01.10.20-14.08.21.
Vikariatet kan bli forlenga.
Då menn er underrepresentert i personalgruppa, vert menn oppfordra til å søkje.
Eventuelt andre stillingar som måtte bli ledige.
Kvalifikasjonar:
• Barnehagelærarutdanning
• Det er ønskeleg med gjennomført livredningsprøve
• Nynorsk som skriftspråk i Sogndal kommune
Personlege eigenskapar:
• Du kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
• Du har interesse for friluftsliv
• Du ser løysingar
Me tilbyr:
• Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode velferdsordningar
• Aktuell kompetanseheving internt og i samarbeid med andre
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Velkommen til fagre Sogn! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.