Fagleiar
Ved avdeling for miljø og forvaltning er det ledig stilling som fagleiar landbruk.
Hå kommune er ein av landets største landbrukskommunar med ei aktiv og utviklingsretta landbruksnæring.
Kommunen har også ei stor gruppe næringsmiddelbedrifter. For Hå kommune er det viktig å ha ein fagleiar for landbruk som kan vere ein aktiv medspelar for vidareutvikling av landbruksnæringa. Landbruk er organisert under avdeling for miljø og forvaltning, og har per nå 4 tilsette i tillegg til fagleiar.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg leiing av avdelinga
- Utvikling av landbruksavdelinga
- Rådgiving til landbruksnæringa
- Behandling av jord- og konsesjonssaker
- Behandle og rådgje i miljøsaker, saker om nydyrking
- Behandle BU-søknadar, søknadar om produksjonstilskot m.m.
- Andre oppgåver som fell under fagområdet
Kvalifikasjonar
- Høgare landbruksutdanning frå høgskule/universitet, eller tilsvarande. Dokumentert relevant erfaring kan kompensera for manglande formalkompetanse.
- God kjennskap til landbruksnæringa
- Digital kompetanse og kommunikasjonsevne
- God kjennskap til jordlov, konsesjonslov og anna relevant lovverk
- Særs god norsk skriftleg og muntleg framstillingsevne
- Kjennskap til og helst erfaring frå offentleg forvaltning
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Må kunne trivast i møte med folk
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig og stabil
- Evne til å handtere høgt tempo i periodar
- Gode samarbeidsevner
- God på orden og struktur
- Evne til å fokusere på ei gradvis utvikling
Personlege eigenskapar saman med god skriftleg og muntleg framstillingsevne vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Utfordrende arbeidsoppgåver innan fagfeltet
- Fleksibel arbeidstid
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her