Fagarbeidarar/assistentar i Rogne barnehage
Øystre Slidre kommune
Solhauglie 8, 2943 Rogne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidarar/assistentar i Rogne barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Me søkjer deg som har lyst til å bli ein del av teamet vårt i barnehagen. Me har ei personalgruppe som består av godt kvalifiserte og engasjerte ansatte som har visjonen "For barna".
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag
Rogne Barnehage har 110 plassar fordelt på 3-avdelingar, men deler seg gjerne inn i mindre grupper innad på avdelingane. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nær Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.
Følgjande stillingar er ledig:
- 100 % fast stilling
- 50 % vikariat til 30.06.2025
- Evt andre stillingar/tillkallingsvikar
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
- Pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane
- Foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget er ynskjeleg, men andre kan bli vurdert
- Det er ynskjeleg med praksis frå barnehage
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
- Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
- Ha humor og glede
- Vere påliteleg
- Delta aktivt i personalgruppa og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar, +47 95733837Arbeidsstad
Solhauglie 82943 Rogne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4895365250
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 02.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne-Kari Gjerdalen
Styrar
+47 95733837
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811333
- Hentet fra
talentech
- Referanse
997bed341cb24e1eb58048367a9b7a0d