Fagarbeidar / assistent
Luster kommune Luster oppvekstsenter
Lustravegen 3300A, 6872 Luster
Om jobben
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vår barnehage har for tida 48 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, fysisk og psykisk helse, samt friluftsliv.
Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, omtrent halvparten av dei i barnehage.
Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden.
Me har fleire fine turområde nær oss, eit godt fagmiljø, og me er opptekne av barn sine rettar.
Vår visjon:
Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.
Stillingsinformasjon
- Luster oppvekstsenter avd barnehage søkjer etter fagarbeidar 100 % fast frå 19.08.2024
Kvalifikasjonar
- Utdanning som fagarbeidar i barne- og ungdomsfaget og gjerne relevant erfaring
- Annan relevant utdanning/ kompetanse kan vurderast
Personlege eigenskapar som vert vektlagde
- auge for det einskilde barn
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- har god leikekompetanse saman med barn både ute og inne
- gode samarbeidsevner
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
- kjenner seg heime i visjonen vår
- ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt
- evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2695782
- Sist endret
2. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3376451_219721_nn