Fagarbeidar 100% fast stilling
Geiranger skule og barnehage, Stranda kommune
Maråkvegen 54, 6216 Geiranger
Om jobben
Stillingstittel
Geiranger skule og barnehage - fagarbeidar/assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Velkommen til mangfaldige Geiranger. Kanskje verda si største bygd på sommarstid, men også ei lita, roleg og koseleg bygd på vinterstid. Midt i smørauget i sentrum av Geiranger ligg barnehagen, samlokalisert med Geiranger skule og SFO i verdsarvområdet Geirangerfjorden. Nærområdet og den majestetiske naturen er gull verdt for aktivitetane og det pedagogiske opplegget i barnehagen. Barnehagen består av ei avdeling og har eit svært rikt språkleg- og kulturelt mangfald for storleiken sin. Som tilsett i Geiranger barnehage har du ei unik moglegheit til å skaffe deg erfaringar få andre plassar kan tilby.
Vi har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar evt. assistent frå 01.08.2024
For å skaffe oss rett kompetanse vurderer Stranda kommune å bruke rekrutteringstiltak som dekt husleige og tilleggsansiennitet.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort, jf. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato
Arbeidsoppgåver
- Ha omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i samarbeid med pedagogisk leiar
- Vere ein god rollemodell og bygge gode relasjoner med kollegaer, barn, foreldre og andre instansar
- Bidra til eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for barn og kollegaer
- Legge til rette for godt samarbeid med heimane
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis frå barnehage/SFO bli vurdert for midlertidig tilsetjing
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Omsorgsfull og raus
- Positiv og til stades
- Initiativrik og evne til å engasjere born i leik, både ute og inne
- Tek ansvar, er fleksibel, sjølvstendig og engasjert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne både med voksne og barn
- Evner til å organisere og strukturere det pedagogiske arbeid for å skape ein god kvardag på avdelinga
- Vere løysningsorientert og endringsvillig
- Stabil og god helse som er forenelig med å jobbe i barnehagen
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn etter tariffavtaler
- Gode pensjonsvilkår gjennom KLP
- Ein spennande og allsidig jobb med stor påvirkningskraft
- Engasjerte og utviklingsorienterte kollegaer
- Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige med inntil kr.10 000/mnd og om det eventuelt skal brukast tilleggsansiennitet
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Kontaktinformasjon
Joachim Fiskarstrand Røbekk, Einingsleiar, +47 46411179Arbeidsstad
Maråkvegen 546216 Geiranger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4804514048
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2024
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2631430
- Sist endret
9. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c1a5262626554ecbb58e9103f21140e0