Undervisningsstillingar ved Lonevåg skule
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling, Lonevåg skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i dag
Om stillinga
Då to av våre gode lærarar skal ut i ulike permisjonar søkjer vi deg som har eit ønskje om å bidra inn i Osterøyskulen med ditt engasjement for born og opplæring. Lonevåg skule har to ulike lærarvikariat ledig:
- Lærarvikariat 100% stilling, kontaktlærar 01.01.25- 31.07.25
Lærarvikariat 40% stilling, faglærar 01.01.25 - 31.07.25
Begge desse stillingane er på småtrinnet 1.-4.trinn, og kompetanse innan basisfaga norsk, matematikk og engelsk er ønskjeleg.
Osterøyskulen sine satsingsområde er: trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing.
Arbeidsoppgåver
Lærarvikariatet i 100% stilling er primært kontaktlæraransvar og knytta til 2.klasse
Lærarvikariat i 40% stilling er faglærar i 3. og 4. klasse.
- Arbeide for eit trygt og godt skulemiljø for alle våre elevar
- Du har medansvar for at opplæringslova blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar/læring, og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper
- Bidra til eit utviklande og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår i Statens pensjonskasse.
- Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo!
- Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega!
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent pedagogisk utdanning i tråd med opplæringslova §17-3. Grunnskulelærarutdanning (GLU) 1.-7 er ønskjeleg.
- Dersom du er undervegs i eit utdanningsløp kan du også bli aktuell dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar.
- Det er krav om fremlegging av gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar.
Kven er du?
- Som pedagog på Lonevåg skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du er i godt humør og likar å jobbe med barn
- Du likar å samarbeide
- Du skaper engasjement, lyttar til elevane, tek deira innspel på alvor og utviklar opplæringa i tråd med dei
- Du set grenser på ein god måte, og er strukturert i arbeidet ditt
- Du er ein engasjert, profesjonell medarbeider som bidrar til utvikling
Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!
Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse!
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon.
Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta!
Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted