Ferievikar - Miljøterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4238927322 Presentasjon av stillingen:
Ferievikar sommar 2020 i 100 % stilling i 4 eller 8 veker ved Krisesenter for Sunnmøre. Krisesenteret er eit lavterskeltilbod, og blei frå 2010 eit kommunalt ansvar, der kommunen plikter å gi kvinner, menn og barn som er utsatt for vold eller truslar om vold i nære relasjonar eit adekvat bo- og rettleiingstilbod.
Har du spørsmål, kontakt avdelingsleiar Cecilie Rønstad Teuissen på tlf.95216969.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid i bo-og rettleiingstilbodet ved Krisesenteret.
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning innan helse- og sosial. Andre med fagbrev innan helse eller studentar kan søke.
Personlege eigenskapar
- Evne til å samarbeide med andre.
- Evne til å vere engasjert og ansvarsbevisst.
- Vere modig, ha arbeidsglede og godt humør.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø.
- Spennande arbeidsoppgåver
- Turnus med arbeid kvar tredje helg.
Kontaktinformasjon
Cecilie Rønstad Teunissen, Avdelingsleiar, 95216969, cecilie.teunissen@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Korsegt.4
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4238927322
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 15.06.2020
Sluttdato: 09.08.2020
Søknadsfrist: 07.06.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.