Helgestillingar ved Elvebøen
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Elvebøen, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Stillingstittel
Helgestillingar ved Elvebøen
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
7
Bu- og miljøtenesta i Stad kommune ved avdeling Elvebøen har behov for fleire tilsette i helgestillingar f.o.m 02.12.24.
Helgestillingane er faste og inntil 40 %. Stillingane inkluderer 20% frie timar.
Helgestillingane som er ledige har langvakter på inntil 14,5 timar.
Det er pr.idag lagt opp med jobb anten kvar 3 helg (langvakt laurdag eller søndag) eller kvar 4 helg (langvakt både laurdag og søndag).
Stillingane på 40% vil ha nokre vakter i vekedagane. Ein kan då velje mellom vakter på 7,5t eller langvakter.
Der rom for å tilpasse stillingsprosenten til å gjelde kun helg.
Eininga har tredelt turnus, men for tida er turnusen lagt opp med todelt turnusordning. Eininga har årsturnus.
Elvebøen ligg under tenesta for funksjonshemma og er ei av dei største avdelingane i eininga vår. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte, og samarbeid er ein viktig faktor for arbeidsmiljøet vårt. Avdelinga har heildøgndsdrift. Det overordna målet til tenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av mestring og livskvalitet.
Om du har spørsmål angåande stillinga ta gjerne kontakt for ein prat!
Arbeidsoppgåver
- Utføre brukarretta oppgåver etter arbeidslister
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinje
Kvalifikasjonar
- Studentar innan helsefagarbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Studentar innen helsefag, sosialfag eller pedagogikk på høgskulenivå
- Ufaglært med gode personlege eigenskapar
- Det er ønskeleg med relevant erfaring
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Aktuelle kandidatar bør ha førarkort
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- God opplæring
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Camilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 458 77 417, camilla.andersen@stad.kommune.noArbeidsstad
Elvebøen6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4862442867
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2749762
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6420a9477acf45d1970c94ea0313036e