Rektor, Sæbø skule - Ny søknadsfrist
I Ørsta kommune, seksjon skule, er det frå 1.8.2019 ledig 100 % fast stilling som rektor ved Sæbø skule.
Ørsta kommune er med sine 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal, og er plassert i hjartet av Sunnmørsalpane. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom E39, Eiksundsambandet og Ørsta/Volda lufthamn Hovden som har direkteruter til Oslo og Bergen.
Sæbø skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule sentralt plassert på Sæbø ved Hjørundfjorden. Komande skuleår har skulen om lag 90 elevar og om lag 16 tilsette. Administrasjonsressursen ved Sæbø skule er for skuleåret 2019/20 fordelt med 140 % leiingsressurs fordelt på rektor og inspektør, og 50 % merkantil ressurs.
Er du interessert i ei spennande og utfordrande leiarstilling? Vil du i tillegg vere ein engasjert medspelar i eit aktivt og framtidsretta bygdemiljø? Då har vi truleg stillinga for deg på Sæbø skule.
Sak nr. 2019/421
ID nr. 1258
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar
Tillit -- gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi -- gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje -- gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling -- gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Ørstaskulen sine overordna mål er:
Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet
Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling
I Ørstaskulen har vi langsiktig, heilskapleg satsing på å betre læringa til elevane, m.a. gjennom særleg fokus på lesing og læringsstrategiar i alle fag, å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø og ha fokus på relasjonskompetanse, fysisk og psykisk helse. Alle lærarar deltek i lærande nettverk på eigen skule, mellom skulane i kommunen og saman med lærarane i Hareid kommune. Rektorane deltek i nettverksarbeid på skuleleiarnivå gjennom Sjustjerna og gjennom skuleleiarmøta i kommunen. Ørstaskulen satsar også sterkt på digital kompetanse som grunnleggande ferdigheit med chromebooks og G-suite som hovudverkty.
Ørsta kommune vil i tida som kjem arbeide aktivt med å skape ein heiltidskultur i organisasjonen. Som leiar vil du verte ein viktig medspelar i dette arbeidet. Du vil også ta del i kommunen sin leiarutviklingsprosess, og få innføring og opplæring i medarbeidarundersøkinga 10-faktor. Meistringsorientert leiing og kompetansemobilisering er også stikkord som er knytt til dei forventningane som vil verte stilt til deg som leiar. Kommunen nyttar leiaravtalar og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet.
Stillinga er plassert i kap 3.4.2 Stillingskode 9951 - rektor
Løn etter avtale.
Arbeidsvilkår: jf. HTA §6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Einingsleiar må vere budd på at arbeidsoppgåvene kan endre seg som følgje av organisatoriske endringar.
Einingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for budsjett, personal og fagtilbod i si eining slik som mellom anna:
Leiing og administrasjon
Rapportering og strategisk utvikling
- Planlegging og koordinering av dagleg drift
- Oppfølging av tilsette og tilrettelegging i samsvar med IA- planen
- Vi søkjer etter ein rektor som:
- har gode leiar- og samarbeidsevner
er kreativ og tek initiativ til pedagogisk utviklingsarbeid
er engasjert og har evne til å inspirere andre
er systematisk og har føresetnader for god ressurs- og økonomistyring
har pedagogisk utdanning og praksis frå skuleverket
har god digital kompetanse
Det er ynskjeleg med formell utdanning og erfaring innan administrasjon og leiing. Vi kan tilby utviklingsorienterte, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i Ørstaskulen. Gjennom einings- og skuleleiarmøte ønskjer kommunen å følgje opp leiarane sine og legge til rette for fellesskap, læring og støtte til skuleleiaroppgåva.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, også gruppeintervju kan vere aktuelt. Referansar vert nytta.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å vende deg til seksjonsleiar skule, Kirsti Øy Driveklepp tlf. 90 41 73 19, e-post: kirsti.driveklepp@orsta.kommune.no.
Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar. Desse dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i ++SPK++ for skuleleiarar.
Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenkje til på heimesida. Kontakt servicekontoret dersom du ønskjer å få tilsendt søknadsskjema på papir.
Gjer vel å føre opp saksnummer og ID-nummer dersom du nyttar papirskjema.
- Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Kopiar av vitnemål og attestar skal sendast som e-post i ei pdf-fil til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.
- Søknaden med vedlegg vert ikkje returnert. Desse vert makulert etter tilsetjing.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve til prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Om bedriften
Sæbø skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule sentralt plassert på Sæbø ved Hjørundfjorden. Komande skuleår har skulen om lag 90 elevar og om lag 16 tilsette. Administrasjonsressursen ved Sæbø skule er for skuleåret 2019/20 fordelt med 140 % leiingsressurs fordelt på rektor og inspektør, og 50 % merkantil ressurs.