Fysioterapeut, vikariat i 100% stilling Heimetenesta
Org.nr.:964981892 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Heimetenesta har ledig vikarat i 100% stilling for fysioterapeut frå snarast og til 20.02.2021.
I Surnadal forventar Heimetenesta aukande oppdragsmenge med auka krav til kompetanse i åra framover.
Målet er at innbyggjarane får bu heime så lenge dei ønskjer det. Vi arbeider med heildøgns rehabilitering, heimerehabilitering og kvardagsrehabilitering, der aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi har kompetanse innan m.a ergoterapi, geriatri, psykiatri, kreft og diabetes.
Heimetenesta arbeider etter metoden "Helhetlig pasientforløp i eget hjem" - HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital.
Vi brukar fagsystemet Gerica.
Stillinga inngår i det tverrfaglege arbeidet i eininga og utgjer ein del av rehabiliteringsteamet.
Hovudoppgåvene er rehabilitering ved utskriving frå sjukehus eller institusjonsopphald, førebygging av innleggingar, samt å sette den enkelte pasient/brukar i stand til å meistre eigen kvardag.
Deltaking i ulike prosjekt kan inngå i stillinga.
Arbeidsoppgåver:
-
direkte pasientretta arbeid
-
kartlegging og vurdering av tenestebehov
-
tilrettelegging av heimesituasjon samt utprøving av alternative tiltak i heimen
-
vere pådrivar i tverrfagleg koordinering og samhandling
-
førebyggjande helsearbeid i pasientgruppa
-
arbeid 3.kvar helg
Krav til kompetanse:
-
autorisasjon som fysioterapeut
-
gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Vi ønkjer ein fysioterapeut som er/har:
-
fagleg trygg og oppdatert
-
med rehabiliteringserfaring innan geriatri og/eller anna relevant rehabilitering
-
interessert i tverrfagleg samarbeid
-
fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåverog samarbeidsoppgåver
-
ansvarsfull og lojal
-
kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø
-
har vilje og evne til sjølvstendig arbeid
Andre krav:
-
tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggast fram før oppstart
-
du må ha førarkort og pårekne bruk av eigen bil
-
kunne bruke dataverkty til dokumentasjon og informasjon
Vi kan tilby:
- godt arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer
-
gode mulegheiter for å forme eigen arbeidskvardag
-
varierte og spanande faglege utfordningar.
-
vanlege kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
-
gode pensjons- og forsikringsordningar
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Annet Ranes, Mobil +47 92338986, Epost: annett.ranes@surnadal.kommune.no
Om bedriften
Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar.
Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal.
I Surnadal forventar Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet.
I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.
Vil tilbyr praktisk bistand i form av heimehjelp og personleg assistanse.
Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital.
KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar.
Vi brukar Gerica som fagsystem.