Ledige stillingar helsefagarbeider - Pleie og omsorg
Pleie og omsorg i Lærdal kommune har desse stillingane ledig:
100 % fast helsefagarbeider Lærdal bu og omsorgsheim
90 % vikariat helsefagarbeider frå mai 2020 til april 2021 ved heimesjukepleien
70 % fast helsefagarbeider ved heimesjukepleien
Me ynskjer personar som nyttar faget og erfaringar til å:
- møte brukarar med respekt
- gje brukarar god omsorg og behandling
- gje brukarar tryggheit og trøyst
- gje brukarar gode samtalar, støtte og motivasjon
- bidra til god samhandling mellom kollega, brukarar og pårørande
Du må ha:
- gode norskkunnskapar
- høg grad av struktur, fleksibilitet, og evne til problemløysing
- evne til å arbeide i eit hektisk miljø, tett på tilsette og brukarar
- evne til å arbeide sjølvstendig og bidra til godt samarbeid
- ha fagkompetanse som bidreg til fagutvikling og kvalitetssikre tenester til brukarar
- god IT kunnskap
- må ha førarkort kl B for tilsetjing i heimesjukepleien
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Krav til/ønskje om utdanning
Autorisasjon som helsefagarbeider
Lønnsvilkår
Løn etter tariff
Pensjonsordning med 2 % innbetaling i KLP
Send søknaden via
Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".
Om bedriften
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.