ID 1600 Danselærar -- Stord kulturskule
Kulturskulen har ledig vikariat i 25 % stilling som danselærar i perioden 01.08.2020 -- 31.07.2021. Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 18 000 innbyggjarar.
Stord er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo. Stord har eit rikt kulturliv og eit stort dansemiljø. Det er også gode vilkår for sport og friluftsliv. Kulturskulen har omlag 750 elevplassar.
Me søkjer danselærar med utdanning frå høgskule, universitet eller anna relevant utdanning.
Stillinga har hovudvekt på jazz og moderne. Noko av undervisning vil vere for barn i førskulealder (dans for 4-5 år).
Stord kulturskule har tradisjon med å sette opp framsyningar gjennom skuleåret, dans er ein naturleg del av dette og det forventast at danselærar tek del i dette arbeidet. Det vil også vere naturleg å samarbeide med kulturskulen sine andre danselærarar.
All undervisning er lagt til ettermiddagstid. Kulturskulen har fast personalmøte ein gang i veka samt ein del av arbeidstida er bunden opp til felles kontortid, danselærarar disponerer eige arbeidsrom/kontor.
Stord kulturskule har eige danselokale i Osen 6, her er det to dansesalar med egna golv, spegel og barrar. Lokalet ligg i kort avstand til Stord kulturhus der Stord kulturskule har administrasjon og all anna undervisning.
Løns- og arbeidsvilkår
Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk.
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld fra den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor i Stord kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen, tlf. 53496905 / 48043386 eller e-post: anne.jordaen@stord.kommune.no
Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule
Søknadsfrist: 21.06.20