Ferievikar/tilkallingsvikar - Reinhald
Ørsta kommune
Dalevegen 6, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar/tilkallingsvikar - reinhald
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Vi søkjer etter ferievikarar i perioden mai – september 2025.
Vi har også til ei kvar tid behov for personar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i reinhald.
Behovet for ferievikarar gjeld på bygg både på Vartdal, Sæbø og i Ørsta. Vi ber difor om at du i søknaden skriv kvar du kan arbeide og kva periode du kan arbeide.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg
- Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille på kort varsel - både på dagtid og kveld. Opplæring vert gitt.
- Det er ønskjeleg at du har førarkort klasse B og disponerer eigen bil, men ikkje eit krav.
Kvalifikasjonar
- Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning, men erfaring frå reinhald er ønskjeleg
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode evner til samarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
- Du er engasjert og løysingsorientert
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Etter utgangen av søknadsfristen vert innkomne søknader handsama og tilsetting gjort fortløpande.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf.AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Agnieszka Papierska, Avd.leiar reinhald, 95046369, agnieszka.papierska@orsta.kommune.noUlf Kristian Rognstad, Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom, 951 55275, ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4913315984
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 16.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Ulf Kristian Rognstad
Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom
951 55275
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2855497
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7c2c48471a4443dd9e0f79ec6dbf287c