100% Vikariat Miljøarbeidar,Blåbærhaugen
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Sevrinhaugen 1, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100 % Vikariat fagarbeidar, Blåbærhaugen
Oppstart
11. april 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. februar
Avdeling Bu og Habilitering består av samlokaliserte bustadar, avlasting, barnebustad og dagsenter for personar med utviklingshemning.
Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og som vil vere med å utvikle tenesta vidare. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver / endre teneste stad i samsvar med seksjonen/ kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Tenesta har ledig 1 stk. 100% vikariat miljøarbeidar stilling i barnebustaden/ barneavlastinga.
Arbeidsoppgåver
- Utføre målretta arbeid
- Delta i daglege aktivitetar med brukarane
- Yte tenester i henhald til gjeldande vedtak
- Samarbeide med pårørande og andre instansar
- Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
- Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Vere ein del av eit team som jobbar i samansette helse- og omsorgsstenster
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan helse og sosialfag
- Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
- Gode evner i kommunikasjon og samarbeid
- Førarkort klasse B for manuell gir
- Kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Du må ha vanleg datakunnskap
- Tilfredsstillande politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
- Kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med mennesker med psykisk utviklingshemning
- Vere engasjert, fleksibel og løsningsorientert
- Evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk, sjølstendig og i team
- Evne til skriftelege og munnleg framstilling.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff.
- Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP.
- Utfordande og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø.
- Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI.
- Arbeidsvilkår: Turnus med langvakter - kan endrast evn ved behov, kombinasjonstilling med oppvekst ved behov
Kontaktinformasjon
Vilde Nilsvik, Seksjonsleiar Blåbærhaugen, 96048363, vilde.nilsvik@volda.kommune.noReidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar, +47 95139364, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 16102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4922293593
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 11.04.2025
Sluttdato: 04.01.2026
Søknadsfrist: 27.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2860993
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b66ef095a444ef0aec54b2637430e45