Me treng tilkallingsvikarar som fengsels-/vikarbetjent (0264 og 1078 betjent)
Om stillinga
Me har behov for tilkallingsvikarar ved Agder fengsel, Evje avdeling. Evje avdeling har 20 soningsplassar med lågare sikkerheitsnivå, og 10 soningsplassar med høgt sikkerheitsnivå for kvinnelege innsette.
Ein betjent skal ha evne til å oppretthalde ro, orden og sikkerheit i fengselet, evne til sikkerheitstenking, grensesetting og rettleiing av dei innsette.
Arbeidsoppgåver
- bistand og rettleiing til innsette i forhold til straffegjennomføring
- ivareta ro, orden og sikkerheit i fengselet
- utføre daglege gjeremål på avdelinga
Den som vert tilsett må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Det må reknast med modulbasert HMS-opplæring i sikkerheit dersom du ikkje er fengselsutdanna.
Utdanning og erfaring
Det er ikkje eit krav, men eitt fortrinn om du er utdanna fengselsbetjent.
Du må oppfylle krava til opptak ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS: www.krus.no/opptakskrav
Du må ha
- fylt 20 år eller fylle 20 år i løpet av det året du søker
- generel studiekompetanse eller tilsvarande (for meir info om unntaka sjå www.krus.no/opptakskrav)
- førarkort klasse B, manuelt gir
- god vandel/politiattest - alle tilsette må levere godkjent uttømmande politiattest innan tilsetting
- god helse; for å ivareta eigen og andre sin sikkerheit er det nødvending å ha god fysisk og psykisk helse
I tillegg må du ha
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Som fengselsbetjent/vikarbetjent vil du møte menneske som utfordrar, provoserar, berørar og engasjerer deg. Nokon har gjort alvorlege kriminelle handlingar, nokon strevar med psykiske lidingar, atferdsvanskar eller tilpasningsproblem.
Me ser derfor etter deg som har gode samarbeidsferdigheiter og evner å ta sjølvstendige avgjersler, samtidig som du er open og inkluderande. Du må ha evne til refleksjon og kritisk tenking.
Du må vere kjent med kriminalomsorgen sitt samfunnsoppdrag. Dine haldningar og verdiar må vere i tråd med kriminalomsorgen sitt verdisyn, som ber med seg at du har trua på at menneske kan endre sitt handlingsmønster. Modenheit og personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me ser etter deg som har:
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til sikkerheitstenkning og grensesetting
- evne til å rettleie og motivere menneske i ein vanskeleg situasjon
- er nytenkande
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- gode parkeringsmuligheiter, lading av el-bil, mulegheit for overnatting i pendlerbustad
stillinga lønast som fengselsbetjent kr 382 300 - 454 200,- pr. år eller som betjent 1078 (uten fengselsskulen) kr 320 900 – 360 900 ,-pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar, det vert trukke 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorgens verdisyn. Våre verdiar er: Tryggleik, openheit og nytenkande.
Det må ikkje vere noko å utsette på vandelen til den som vert tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest i førevegen av tilsetting.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om å vere unntatt søkarlista. Søkar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve anledning til å trekke søknaden.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og me oppfordrar kvalifiserte kandidatar med ulik, arbeids- og livserfaring til å søke jobb hos oss. Kriminalomsorgen jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsettingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Me vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Me gjer merksam på at dersom søkar opplyser om nedsett funksjonsevne eller «hol i CV-en», kan opplysninga nyttast til registreringsformål.
Prøvetida er 6 månader.
Den som vert tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som vert bestemt om arbeidsområdet. Det går for tida føre ein utredningsprosess i kriminalomsorgen som kan medføre ei organisasjonsendring.
Nærmare opplysningar om stillinga fås ved å kontakte inspektør Jan Balstad T: 37931790 | M: 99501423 eller førstebetjent Ragnhild Nomeland T: 37931791 | M: 99496504
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf: 75 54 22 20.
Om bedriften
Om kriminalomsorga
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.