Sogn og Fjordane ungdomssenter har ledig fast stilling som avdelingsleiar i 100% ved avdeling Meltunet på Nordfjordeid, frå 09.09.2019.
Jobbnorge ID: 170737
Om stillinga
Avdelingsleiar må kunne leie det faglege arbeidet i tråd med nasjonale kvalitetsmål og ein kunnskapsbasert praksis, der brukarmedverknad står sentralt. Bufetat som organisasjon er i stadig utvikling, og det vert stilt krav om evne til nytenking og til å leie ei avdeling i utvikling.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområder
- Fagleg og administrativt ansvarleg for drifta ved avdelinga.
- Leie tiltaket sitt omsorgs- og utviklingsarbeid knytt til Traumbevist omsorg og Målstyrt miljøterapi.
- Ansvar for god samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar.
- Bemanning, etablering og drift av turnus, samt innleige.
- Ansvar for at drifta skjer i tråd med gjeldande regelverk og retningslinjar i staten.
- Følge opp at drifta skjer i tråd med økonomiske rammer.
- Skape gode prosessar, og leie, motivere, utvikle og følge opp medarbeidarar.
- Ansvar for eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vere ein del av, og bidra inn i leiarteamet ved tiltaket.
Kvalifikasjonskrav
- For tilsetting som avdelingsleiar i stillingskode 1407 vert det kravd minimum tre års utdanning fra høyskole/universitet som gjennomført bachelor-grad eller 180 stp. innan sosialfag. I tillegg er det ønskjeleg med minimum 15 stp. innen ledelse og administrasjon.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge i institusjon.
- Søkjar må ha erfaring frå gjennomføring av dagleg drift, herunder planlegge, beslutte og evaluere innan eige ansvarsområde.
- Søkjer må beherske relevante fag- og administrative IKT-systemer.
- Søkjer må ha førerkort.
Vi søkjer deg som
- Har erfaring frå institusjonsarbeid/drift og er ein inkluderende leiar med tydelige mål og som bidreg til kvalitet i våre tenester.
- Arbeidar lojalt etter organisasjonen sine faglege metodar og modellar.
- Er ein leiar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar, og kor samhandling med medarbeidarane er ein naturlig del av ditt leiarskap.
- Er tydelig i leiarrolla, er utviklings- og resultatorientert, og trivast med utfordringar.
- Har stor arbeidskapasitet. Takler mange oppgåver og krevjande prioriteringar.
- Det blir lagt vekt på at ein er personleg eigna.
Vi tilbyr
Stilling som avdelingsleiar er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 som avdelingsleiar med lønn p.t. fra kr. 442 400 - til kr. 631 700,- pr. år (Lønsteg 50 - 70). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer en god tjenestepensjonsordning, tilbud om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Generelle opplysningar
- Bufetat ønsker å vere ein arbeidsgiver som speglar mangfaldet i samfunnet og som utnytter potensialet i befolkninga si samla kompetanse. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidater til å søke jobb hos oss. Bufetat jobber for å realisere regjeringens inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsettingar i staten skal være personer med nedsatt funksjonsevne eller hull i CV'en. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hull i CV'en kan bli brukt til registreringsformål.
- Politiattest vil bli kravd ved tiltredingjf. lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
- Vi gjer oppmerksam på at opplysninger om søkaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkeren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkerlisten, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25
Kontaktinformasjon
Kontaktperson for stillingen:
Einingsleiar Anne Merete Ødven, tlf 99532409
Seniorrådgjevar Dag Jensen, tlf 46618825
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden
Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse og varighet skal tas med ved et evt. intervju.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sogn og Fjordane ungdomssenter er ei institusjonseining for barn og unge i alderen 12 - 18 år(20 år) som treng eit mellombels institusjonsopphald eller ein statleg familieheim. Eininga er organisert i 2 institusjonsavdelingar, Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid. Sogn og Fjordane ungdomssenter har og eiga avdeling for familieheimar.
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet på Nordfjordeid, har 4 plassar for ungdom. Institusjonen ligg sentralt på eit Nordfjordeid på eit lite garsbruk med dyr.