Prosjektleder bygg
Lom Kommune
Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, Innlandet, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleder bygg
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Prosjektleder bygg 100% fast stilling
Lom kommune er ein attraktiv plass å bu i for alle som er glade i friluftsliv. Dei fleste av landet sine 2000m-toppar ligg i Lom, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i kommunen. Eit kompakt sentrum med mange serveringstilbod, deriblant det landskjente Bakeriet, skapar eit spennande landsbypreg.
Som fylgje av den demografiske utviklinga må Lom kommune skape nye løysingar og vidareutvikle tenestetilboda. Dei neste åra skal kommunen gjennomføre omfattande byggeprosjekt og vi søkjer etter ein prosjektleiar i 100 % fast stilling som vil få ansvaret for gjennomføring av store og små byggeprosjekt.
Som prosjektleiar vil du vere ein sentral og tydeleg person som bidreg til at Lom kommune får framtidsretta bygg. Stillinga er underlagt tenesteleiar for kommunal eigedom, og vil jobbe tett saman brukar av bygg og kommunen sin driftsavdeling for å skape gode løysningar.
Arbeidsoppgåver
-
Planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjekt innanfor bygg, eigedom og anlegg
-
Leggje til rette for god brukarinvolvering
-
Byggherre sin representant i prosjekteringsfasen, byggefasen og overtakingsfasen
-
Offentlege anskaffingar og kontraktsinngåing
-
Kvalitets- og framdriftsstyring
-
Økonomikontroll og rapportering
-
Saksbehandling og utgreiing til folkevalde organ
Kvalifikasjonar
-
Relevant høgare utdanning innan bygg og anlegg. Omfattande relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav
-
Variert og lang erfaring og kompetanse innan prosjektleiing og byggeleiing
-
Gode samarbeidsevner
-
Resultatorientert, offensiv og inkluderande
-
Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
-
Vi vil legge stor vekt på personleg eignaheit
Vi kan tilby løn etter avtale og ei utfordrande prosjektleiarstilling i ein kommune med visjonar for framtida.
Administrasjonsspråket i Lom er nynorsk.
For nærare opplysningar, ta kontakt med tenesteleiar kommunal eigedom:
Erik Lindseth, tlf. 470 24 500 / erik.lindseth@lom.kommune.no
Søknad skal sendast som elektronisk søknad på www.lom.kommune.no seinast 25. august 2024
Lom kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om bedriften
Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Noreg, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2701108
- Sist endret
26. august 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
954b7f9c-5c79-4b39-bc48-e717dada760b