Jurist (seniorkonsulent/rådgjevar) ved Det juridiske fakultet
Stillingsannonsen er inaktiv.Universitetet i Bergen
Magnus Lagabøtes plass 1, 5010 Bergen
Jobbnorge ID: 190884
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Jurist (seniorkonsulent/rådgjevar)
Er du jurist med interesse for høgre utdanning og forvaltningsrett?
Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som jurist (seniorkonsulent/rådgjevar).
Stillinga er knytt til studieseksjonen som ein av to juristar med ansvar for ulike område. Denne stillinga har hovudvekt på saksbehandling av studiesaker og studierettleiing.
Studieseksjonen bidreg til å utdanne framtidas juristar og ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag gjennom effektiv, etterretteleg og etisk bevisst administrasjon og forvaltning. Seksjonen arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle kvalitet i studiet og å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar. Personen i stillinga skal bidra i dette arbeidet. Fakultetet nyttar i utstrekt grad digitale hjelpemiddel i både vurdering, undervisning og forskingsformidling.
Det juridiske fakultet lanserer ny studieordning hausten 2021. Masterprogrammet i rettsvitskap er ei av Noregs mest populære utdanningar, og fakultetet er blant dei leiande forskingsmiljøa i Norden innan strafferett, straffeprosess og politirett.
Arbeidsoppgåver
Døme på oppgåver er å fatte enkeltvedtak i ei rekke ulike typar studiesaker med opplysing og utgreiing av saka, førebu og skrive klagesaker, gjere utgreiingar sjølvstendig og i team, skrive saksframstillingar til utval og styret ved fakultetet, og bidra i arbeidet med å stadig utvikle studieordninga for masterprogramma i rettsvitskap. I dei daglege oppgåvene inngår tolking av regelverk, utforming av nye reglar, juridisk kvalitetssikring av enkeltsaker samt generell saksbehandling.
Som jurist i studieseksjonen vil du gi juridisk støtte og rettleiing til kollegaer i deira saksbehandling. Du vil bli inkludert i fakultetet sitt digitaliseringsarbeid, og bidra i kvalitetshevinga og effektiviseringa av saksbehandlingsrutinane.
Du vil vere involvert i arbeidet med å rekruttere mentorar for studentar med særskilde behov og vidarekomne studentar som skal leie arbeidsgrupper på 1. og 2. studieår. Stillinga inneber studentkontakt og studentrettleiing, halde presentasjonar og anna informasjonsarbeid.
Du vil vere fakultetet sin representant i fleire UiB-nettverk og arbeidsgrupper, mellom anna nettverk for tilrettelegging for studentar med funksjonsnedsettingar og du vil ha jamleg kontakt med juristar og andre som arbeider med studiesaker og tilgrensande rettsområde andre stader ved UiB.
Den som vert tilsett kan også få andre oppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Master i rettsvitskap
- god generell juridisk vurderingsevne og god rettsleg forståing og innblikk i ulike roller og prosessar i offentleg forvaltning
- kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og erfaring frå offentleg forvaltning er ein føremon
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, samt gode engelskkunnskapar (norsk arbeidsspråk)
- god digital kompetanse
- ansvarsbevisst, fleksibel og effektiv
- har god ordenssans, evne til å arbeide sjølvstendig, prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar og mange aktivitetar samstundes
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å motivere både deg sjølv og andre
- vilje til å bidra til det faglege og sosiale fellesskapet
Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi kan tilby
- varierte oppgåver, sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling
- hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar,mellom anna trening i arbeidstida
- lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse
- stillingskategori som seniorkonsulent 1363 eller rådgjevar 1434 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar
- løn etter lønssteg 58 - 65 (p.t. kr. 513 600 - 583 900) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til assisterande fakultetsdirektør og leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka "Søk stillinga".
Nærare om tilsettingsprosessenfinn du her.
Velkommen som søkjar!
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Adresse
Magnus Lagabøtes plass 1, 5010 Bergen
Hjemmeside
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Ansettelsesform
Annet
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 24. august 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 190884_Universitetet i Bergen_jobbnorge
Stillingsnummer: 674719