Elektrikar
Tussa
Indrehovdevegen 67, 6160 Hovdebygda
Om jobben
Stillingstittel
Elektrikar
Type ansettelse
Fast, heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Tussa Installasjon
Tussa Installasjon er eit dotterselskap i konsernet. Selskapet har gjennom ei årrekkje opparbeidd seg eit solid fundament av kompetanse og lokalkunnskap. Vi er opptekne av å levere miljøvenlege løysingar som stettar krava i dag, og dei moglegheitene vi får i framtida. Faget vårt er i rivande utvikling, og vi legg stor vekt på å ha oppdatert kunnskap om morgondagen sine løysingar.
Vi søkjer etter:
Elektrikar for arbeid i privat - og næringsmarknad
- Vi søkjer deg som har elektrikarfagbrev, relevant erfaring og som er ansvarsbevisst og serviceinnstilt.
- Arbeidsplass vil vere Ørsta, Fosnavåg, Ulsteinvik eller Stryn.
Vi søkjer deg som:
- likar å jobbe i team
- er sjølvstendig og løysingsorientert
- meistrar godt norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- har sertifikat klasse B
Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje
Vi kan tilby:
- fagmiljø med store utviklingsmoglegheiter i eit aktivt konsern
- uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på utvikling, sjølvstende og trivsel
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
Om bedriften
Tussa er eit konsern på Nord-Vestlandet med om lag 260 medarbeidarar. Konsernet femnar om forretningsområda energi, IKT og installasjon.
Tussa har stort miljøfokus og er miljøsertifisert etter ISO 14001:2015 standarden.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2617555
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10205355