Lærar
Skodje barneskule
Stadionvegen 21, 6260 Skodje
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Lærar/kontaktlærar
Inntil 100 % fast stilling som lærar/kontaktlærar ledig frå 1. august 2024 på Skodje barneskule.
Skodje barneskule er ein barneskule med ca. 250 elevar. Vi har omtrent 100 barn i SFO. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktiviteter og frileik. Ungdomsskulen, kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.
Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som lærar / kontaktlærar er både utviklande og utfordrande
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag på 1.-7. trinn
- Kontaktlærar
- Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingsarbeid i trinnsamarbeid og kollegiet generelt.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet saman med kollegaer
- Klasseleiing, heim/skule-samarbeid og samarbeid med eksterne instansar.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning 1.-7. er ønskeleg
- Alternativt grunnskulelærarutdanning 5.-10.
- Fagkompetanse i norsk, matematikk og engelsk i grunnskolelærarutdanninga vektleggast.
- Ønske om utdanning, eller erfaring frå svømmeopplæring.
- Ønske om musikkfagleg kompetanse.
- Ønske om utdanning i spesialundervisning.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer engasjerte og bidragsytande lærarar som likar å jobbe i team, som er strukturert, pliktoppfyllande og fagleg kompetent.
- Du er initiativrik og sjølvstendig i ditt arbeid.
- Søkjarar som er personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting.
- Du er utviklingsorientert.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
- Ein skule som kan nytte dei flotte områda i skulens nærleik som alternative læringsarenaer.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.
Kontaktinformasjon
Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.noArbeidsstad
Stadionvegen 216260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4785502321
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2602067
- Sist endret
8. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be53bb8c766247938b9d0650c0da73dc