Barnehagestyrar/tenesteleiar
Kommunalområde Barnehage og skule, Haram kommune
Øvstevegen 212, 6293 Longva
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagestyrar/tenesteleiar
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. februar
Som barnehagestyrar har du hovudansvaret for personalet, det pedagogiske og det administrative arbeidet i barnehagen. Barnehagen blir ein del av eit nettverk med både kommunale og private barnehagar i Haram, der ein møtast månadleg. Alle barnehagane arbeider med eit felles utviklingsarbeid med tema "Å høyre til". Styrar deltek i tillegg på kommunale tenesteleiarmøte.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv med fokus på tidleg innsats. Som styrar deltek du på felles styrarmøter, samt på kommunale tenesteleiarmøte. Styrar rapporterar til kommunalsjef for barnehage og skule.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge oppstart av den nye barnehagen
- Leie og utvikle barnehagen i tråd med relevante lovverk, mål og satsingar
- Planlegge og organisere kvardagane til det beste for barn og tilsette
- Sikre eit godt fysisk og psykososialt miljø- der alle barn opplev å høyre til i fellesskapet
- Personal- og budsjettansvar
- Sikre eit godt samarbeid med foreldre, lokalsamfunn og andre relevante aktørar
- Saksbehandling innanfor definerte områder
- Hovudansvar for barnehagen sitt HMS-arbeid, herunder internkontroll
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar, eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse jmf barnehagelova § 24
- Personar med utenlandske yrkeskvalifikasjonar må dokumentere norskkunnskapar i samsvar med barnehagelova § 18.
- Styrarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskeleg
- God kjennskap til relevante lovverk og avtaleverk for barnehage
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner
- Kompetanse innanfor økonomi og administrasjon
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og i tillegg til intervju og referanseinnhenting, kan det bli nytta testverkty i rekrutteringsprosessen.
Personlege eigenskapar
- Eit positivt barnesyn/menneskesyn
- God samarbeids- og relasjonskompetanse
- Evne til å leie og motivere andre, gjennom tillit og medverknad i prosessane
- Evne til å arbeide strukturert og målretta
- Ei engasjert og positiv innstilling
- Evne til å vere løysingsorientert og fleksibel
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta kloke avgjerder med barna sitt beste i fokus
Vi tilbyr
- Ei spanande og utfordrande rolle
- Gode moglegheiter for fagleg samarbeid og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- God pensjonsordning
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Lill-Therese Eidsvik, Kommunalsjef, 41504764, lill-therese.h.eidsvik@haram.kommune.noArbeidsstad
Øvstevegen 2126293 Longva
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4912318266
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2025
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2856362
- Hentet fra
talentech
- Referanse
836b3247a04e4f399b9938f85d6d656a