Ledige faste sjukepleiestillingar Ørstaheimen
Org. nr: - Stillingsident: 4437469371 Presentasjon av stillingen:
Ørstaheimen er lokalisert i Ørsta sentrum. Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte. Vi søkjer etter inspirerte medarbeidarar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar.
Vi søkjer etter inspirerte medarbeidarar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og som kan bidra i eit godt arbeidsmiljø.
Dersom der ikkje er søkjarar med sjukepleiefagleg kompetanse kan andre faggrupper verte vurderte.
Arbeidsoppgåver
Ved Ørstaheimen har vi ledige sjukepleiestillingar ved følgande einingar:
Solkroken
3 x 100 % fast stilling Solkroken, ledig frå d.d. Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar.
Solkroken er ei somatisk langtidsavdeling med 22 plassar.
Vallastova
2 x 100 % fast stilling Vallastova, ledig frå d.d. Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar
Vallastova er ei somatisk langtidsavdeling med 24 plassar.
Bakketun :
100 % fast stilling ledig frå d.d. Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl helgar
Bakketun er ei skjerma avdeling for demente med 16 plassar, fordelt på to grupper.
Skriv i søknaden kva for stillingar du søkjer på.
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Relevant arbeidserfaring
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
- At du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidseigenskapar
- At du kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Rekrutteringstilskot er aktuelt å tilby nytilsette i faste stillingar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -- stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om heiltidskultur i Ørsta kommune.
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Ingrid Mork, Einingsleiar Solkroken, 70048842, ingrid.mork@orsta.kommune.no
Kyrre Skavøy, Einingsleiar Bakketun, 70 04 88 32, kyrre.skavoy@orsta.kommune.no
Lisa Mari Korsfur Silseth, Einigsleiar Vallastova, 70048862, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Arbeidssted
Håkonsgt. 78
6150 Ørsta
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Ørsta kommune
Referansenr.:4437469371
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2021
Søknadsfrist: 25.10.2021
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 5. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap