Ledige helgestillingar i pleie - og omsorgseininga
Bygland Kommune, Pleie- og omsorg
Sentrum 18, 4745 Bygland
Om jobben
Stillingstittel
Ledige helgestillinger - Byglandsheimen
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
10
Pleie- og omsorgseininga i Bygland kommune er lokalisert på Byglandsheimen. Det er ein sjukeheim med 12 langtidsplassar, 6 plassar i bufellesskap for demente og 4 korttidsplassar. Open omsorg har også base på Byglandsheimen, og har ansvar for å levere tenesta heimesjukepleie til heimebuande brukarar. Open omsorg har og ansvar for 6 plassar i bufellesskap for eldre og 8 omsorgsbustadar som er lokalisert på Byglandsheimen. Habiliteringstenesta er lokalisert på Byglandsfjord. Her ligg eit tun med totalt 7 bustader med døgnbemanning. I dag brukast bustadane til brukarar med psykisk utviklingshemming.
Me har no fleire ledige stillingar som sjukepleiare og helsefagarbeidar i helgestillingar. Vi søkjer difor etter fleire dyktige medarbeidarar som kan bidra til å styrke vårt team av dyktige tilsette.
Vi har ledig fylgjande stillingar:Byglandsheimen fagarbeider helgestilling:- 17,37% kvar tredje helg
- 15,02% arbeid 2 av 6 helger
- 17,84% arbeid 2 av 6 helger
- 25,82% arbeid 3 av 6 helger
- 13,38% kvar tredje helg
- 20,19% kvar tredje helg
- 22,54% kvar tredje helg
- 13,26% kvar tredje helg (helgestilling)
- 53,87% med arbeid 2 av 6 helger
Ein gjer merksam på at fast tilsette i kommunen kan ha førerett til stillingane.
Vi tilbyrEit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter. Meiningsfylte oppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
God påverknad på eigen turnus/arbeidsplan.
Medlemskap i KLP og lønn iht. gjeldane tariff. For sjukepleiare gis det eit rekrutteringstilskot som gir ei samla løn tilsvarande full ansiennitet.
Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4. (ikkje eldre enn 3 månadar).Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).Arbeidsoppgåver
Sykepleiere- Sjukepleiarfagleg ansvar og oppgåver
- Inneha funksjon som skiftleiar
- Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak
- Bidra med kompetansehevande kollegavegleiing, undervising og rettleiing av anna personale, brukarar, pårørande og evt andre som har behov for det
- Utøvande arbeid i forhold til brukarar, pårørande, leger, sjukehus og andre
- Pleie- og omsorgsoppgåver for brukarar i eininga.
- Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid.
- Oppfølging av tiltaksplaner.
- Dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar.
Kvalifikasjonar
Sykepleier- Offentleg godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon.
- Søkjarar under utdanning kan og søke.
- For fagarbeider er det krav om fagbrev som godkjent helsefagarbeidar.
- Søkjarar under utdanning kan og søke.
- Lang erfaring kan i noen tilfeller kompensere for utdanningskravet, etter en konkret vurdering
- Beherske norsk språk både skriftleg og munnleg.
- God IKT kompetanse
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner - er flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team.
- Opptre sjølvstendig og er initiativrik - er fleksibel, ser kva som må gjerast og får det gjort.
- Er utviklings- og løysingsorientert, ryddig og kvalitetsbevisst.
- God kjennskap til bruk av IKT i arbeidet.
- God til å formidle både skriftleg og munnleg.
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Kontaktinformasjon
Marthe Alvilde Håvorstad Homme, Avdelingsleiar, Helse, 908 15 191
Leif Sigurd Helle, Tenesteleiar helse og omsorg , 950 52 813
Arbeidssted
Sentrum 18
4745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland Kommune
Referansenr.: 4706676341
Stillingsprosent: 0%
Fast
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2434474
- Hentet fra
talentech
- Referanse
52213db2f2c444c19c1be6bd95a32b89