Lærar 100% vikariat Sunde skule - 2. gongs utlysing
Kvinnherad kommune Sunde skule
Hamrabrekko 12, 5450 Sunde i Sunnhordland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Ved Sunde skule er det ledig kontaktlærarstilling frå 1.1.25.
Stillinga er eit vikariat fram til 31.12.2025 grunna
svangerskapspermisjon og du kjem til ein godt etablert klasse, der du
vil få grundig opplæring i forkant for å sikre ei smidig overdraging og
ein best mogleg oppstart.
Har du utdanning og undervisningskompetanse etter Opplæringslova vil du få tilbod om fast stilling i kommunen etter vikariatet.
Som tiltak for å auke delen faglærde lærarar i grunnskulen i Kvinnherad, kan nytilsette lærarar få eit ekstra rekrutteringstilskot. Nye lærarar/undervisningspersonale med tilsettingskompetanse, tilsett i fast stilling i grunnskulen, får tildelt kr. 50 000,- , i 100% stilling (elles etter stillingsstorleik). Eingongstillegget vil bli gitt mot bindingstid på 2 år, der arbeidsavtale vil vere tydeleg på konsekvensar ved brot.
Arbeidsoppgåver- Undervisa i ulike fag
- Klasseleiing
- Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar
- Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
- Sikra at elevane får eit godt skuletilbod
Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen
Vi treng ein lærar som er kvalifisert til å undervisa i matematikk og norsk.
Personlege eigenskaper- Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
- Er lærevillig og utviklingsorientert.
- Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
- Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
- Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2774059
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3419223_226029_nn