Barnehagelærar
Me søkjer:
Barnehagelærarar v/ Skjold barnehage frå 14.08.2019.
Det er ledig 240% vikariat fram til 30 november 2019, med gode moglegheiter for forlenging.
Hovudarbeidsoppgåver
- Viktig delansvar saman med ped.leiar ved å gi eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
- Vere ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen.
- Likar å vere ute og vere ein god rollemodell.
- Obsevasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
- Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
- Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.
- Halde deg fagleg oppdatert.
- Vere med å utvikle språket til barna igjennom muntleg deltaking og samspel.l
- Stedfortreder på avdelinga når ped.leiar ikkje er til stades.
- Arbeidet som barnehagelærar kan bli fordelt på fleire avdelingar.
Kvalifikasjoner
Utdanna barnehagelærar.
Andre opplysninger
- Skjold barnehage er ein 7- avdelings barnehage.
- Den ligg på Vikaneset, nær sjø og skog.
- Me har eit aktivt og engasjert personale med høg fagkompetanse.
- Me jobbar etter visjonen "Vera saman og bli sett". Du får anledning til å vera med å la barna oppleve meistring og glede.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Ta kontakt med helsesøster viss du er i tvil.
I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege egenskaper
- Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik kollega som er villeg og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Ha god arbeidskapasitet.
- Må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
- Personlege eigenskaper vert vektlagt saman med kompetanse og erfaring.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Seniorordning
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Tilsetjing på vanlege vilkår.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein storlandbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å verasentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.