Vågå kommune har behov for fleire dyktige reinhaldar til vår reinhaldsgruppe
Vågå Kommune Vaktmestere/renholdere
Edv.Stormsveg 2, 2680 Vågå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Renholder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Reinhaldsgruppa i Vågå kommune har ansvar for reinhald ved kommunale bygg og er underlagt eigedomsavdelinga ved teknisk sektor. Gruppa har eit tett samarbeid med driftspersonalet elles. Det er i dag 18 fast tilsette i reinhaldsgruppa. Reinhaldet er seinare tid digitalisert gjennom reinhaldsmodulen i IK Bygg.
Dei vi ser etter må ha gode samarbeidsevner og vere personleg eigna for stillinga.
Det blir kravd at den som blir tilsett er løysingsorientert, offensiv og inkluderande i sitt arbeid, både i høve til kollega, pårørande/ føresette og brukarar/ elevar/ pasientar.
Arbeidsoppgåver:· Relevant fagbrev er ynskjeleg men ikkje noko krav
· Søkjarar må beherske norsk skriftleg og munnleg godt
· Godkjent politiattest
Det er ønskjeleg at du:· Ser moglegheiter og finn løysingar i samspel med de andre
· Sikrar leveransar med god kvalitet
· Oppnår resultat gjennom lagspel, planlegging og utføring
· Personlig eignaheit blir vektlagt
Vi tilbyr:· Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
· Gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter
· Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
· Lønn etter avtale
· God pensjonsordning gjennom KLP
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale. Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte leiar for reinhaldsgruppa Tea Myrum på tlf. 904 01 350.
Søknadsfrist: 20.02.25Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2852701
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
933bd0fd-5601-48f8-b187-310c302e473a