Pedagogisk medarbeidar
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk medarbeidar ved Lonevåg skule
Type ansettelse
Fast, deltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Om stillinga
På Lonevåg skule skal vi saman leggje til rette for læring og utvikling for alle elevar, og stimulere den enkeltes motivasjon, lærelyst og tru på seg sjølv. Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy.
Vi søkjer no etter ein varm, engasjert og inkluderande barne og ungdomsarbeidar i 100% fast stilling som skal jobbe både i skule og i SFO. Vi har også ledig eit svangerskapsvikariat i 80% storleik i perioden 01.02.2025 - 31.07.2025.
Kanskje er det deg me kan ønskje velkomen til den flotte skulen vår?
Arbeidsoppgåver
Som pedagogisk medarbeidar på skulen vår vil du ha varierte arbeidsdagar med variert innhald. Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga er mellom anna:
- Arbeide for eit trygt og godt skulemiljø
- Bidra til å styrke laget rundt elevar
- Du har medansvar for at opplæringslova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på skule og i SFO
- Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper i skule og SFO
- Bidra til utviklande og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP
- Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo!
- Om du kjem med bil er det gode parkeringsmoglegheiter
- Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega!
Kvalifikasjonskrav
- Du har fortrinnsvis fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Annan utdanning med fagbrev innan helse- og oppvekstfag kan og vurderast.
- Har du ikkje fått fagbrevet heilt endå men ønskjer å ta det snarleg, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg!
- Vidareutdanning i "kvalitetsarbeid i SFO" er eit ønskje
- Personlege eigenskapar vil bli tillagd vekt i prosessen
Kven er du?
- Som pedagogisk medarbeidar på Lonevåg skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollagaer.
- Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein raus og trygg vaksen.
- Du står stødig når barn treng innramming.
- Du er nysgjerrig og har mot og vilje til å vere i utvikling
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig, finn løysingar, og likar å jobbe i team.
- Du tar initiativ til å sjå ting frå nye innfallsvinklar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du er strukturert og nøyaktig
Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted