Sogn og Fjordane Teater søkjer inspisient/sufflør
Stillinga som inspisient/sufflør/multiteknikar er ei 100% stilling i eit vikariat frå 15. august 2019 til 1. juni 2020, med moglegheit for fast stilling.
Vi søkjer ein engasjert og initiativrik person som har relevant utdanning eller erfaring frå eit profesjonelt teater. Søkjar bør ha eit hjarte for teater, vere omgjengeleg og ha ei positiv og konstruktiv innstilling, ha evne til å takle raske omstillingar, samt at ein kan jobbe systematisk og sjølvstendig. Søkjar bør også kunne utarbeide praktiske løysingar innan fastsette rammer i eit hektisk miljø, ha god forståing for samarbeidet mellom dei ulike avdelingane på teateret og ha gode kunnskapar i bruk av dataverktøy.
Inspisienten er bindeleddet mellom administrasjonen og teknisk/kunstnarleg personale. Arbeidsoppgåver vil vere å planlegge og gjennomføre scenekunstproduksjonar i samarbeid med produksjonsleiar, og sørge for at praktisk framdrift i produksjonen vert halden. Generell rigging er ein del av jobben som multiteknikar, samt avvikling av mindre produksjonar. Sufflioppgåver vil vere å gje suffli i prøveperioden, samt oppjustering av manus. Det er ein fordel med god kunnskap i nynorsk.
Stillinga er ein del av teateret si produksjonsavdeling og rapporterer til produksjonsleiar. Det ligg turnéplikt til stillinga. Søkjaren må ha førarkort for personbil. Sogn og Fjordane Teater tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande tariffar i teatersektoren.
Spørsmål om stillinga kan rettast til teatersjef Bodil Kvamme på telefon 975 47 249, eller e-post: bodil.kvamme@softetater.no.
Teateret er underlagt offentleglova. Søknad med CV skal sendast til post@softeater.no.
Merk søknaden med SØKNAD INSPISIENT/SUFFLØR.
Om bedriften
Sogn og Fjordane Teater vart etablert i 1977 og er regionteater for Sogn og Fjordane. Teateret er å sjå på som ein del av det samla kulturtilbodet i fylket, med ca. 200 framsyningar og eit besøkstal på ca. 18.000 per år. Sogn og Fjordane Teater har nynorsk som målform og nyttar vestnorske målføre som scenespråk. Sogn og Fjordane Teater er eit turnéteater med scene, produksjonslokale og administrasjon i Førde. Teateret har 20 fast tilsette. Eigarar er Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune, med staten som største tilskotsytar.