Tenesteleiar for pleie og omsorg
Me har ledig
100% fast stilling som tenesteleiar for pleie og omsorg er ledig frå 01.08.20. Pleie og omsorg i Aurland er organisert med to avdelingar som har avdelingsleiarar i 100% stilling. Dei to avdelingane er heimebaserte tenester og Aurland helsetun. Helsetunet har tilsaman 24 plassar. Brukarane av tenestene vil primært vere personar over 67 år med ulike hjelpebehov.
Innanfor pleie og omsorg er bygningsmessige tilpassingar, kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi viktige satsingsområde.
Me søkjer ein leiar som jobbar målretta, bidreg til nytenking og har ein tydeleg og inkluderande
leiarstil.
Aurland kommune er organisert med to fullmaktsnivå rådmannen og tenesteleiar.
Sentrale arbeidsoppgåver
-vidareutvikle pleie og omsorg til beste for den einskilde brukar sine behov og ressursar
-sakshandsaming
-personal-, fag-, og budsjettansvar
-drifts- og beredskapsansvar for dei tenestene som ligg til ansvarsområdet
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein leiar som kan drifte og utvikle pleie og omsorg i Aurland kommune i samarbeid med både overordna administrativ og politisk leiing, kollegaer i leiarforum, tilsette, brukarar og deira pårørande.
Kompetansekrav:
-helsefagleg utdanning eller anna relevant utdanning (min. bachlor/cand.mag)
-erfaring frå arbeid innan helse, pleie og omsorg eller likande
-leiarerfaring og leiarutdanning, eller vere villig til å ta leiarutdanning
-god kompetanse på relevant lovverk
-personlege eigenskapar og relasjonskompetanse blir vektlagt
Situasjonen som alle no opplever med Koronaviruset er krevjane for alle, og særleg krevjande for alle i pleie og omsorg. Vi treng ein leiar som evnar, og som er motivert til å gjere ein god jobb i slike kriser.
Krav til språk
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftmål.
Det er eit krav at den som blir tilsett leverer gyldig politiattest.
Det er ein føremon om den som blir tilsett har førarkort klasse B.
Me tilbyr
-tenesteleiar møter fast i leiarforum
-deltaking i faglege nettverk
-lønn etter avtale og offentleg tenestepensjon
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er elles, i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Tenesteleiar for pleie og omsorg vil få ei sentral rolle i utvikling av eldreomsorga i kommunen framover.
Generelt om søknadsprossen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om bedriften
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.