Veterinær til kombinert praksis ved klinisk veterinærvakt - Stranda og Sykkylven vaktdistrikt
Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Veterinær til kombinert praksis ved klinisk veterinærvakt Stranda og Sykkylven vaktdistrikt
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. januar
Stranda kommune søkjer veterinær som ønskjer å etablere seg i kommunen til kombinert veterinærpraksis (smådyr og produksjonsdyr) frå februar, 2025, Kommunen yter eit driftstilskot på ca. 260 000 som vert indeksregulert kvart andre år. Oppstartsdato og vidare engasjement kan diskuterast.
Kommunen er del av vaktdistrikt Stranda og Sykkylven, med maks 1 1/2 times køyring mellom ytterpunkta. I Sykkylven inngår inseminering i praksisen, men ikkje i Stranda. Kommunen har eit aktivt landbruksmiljø med om lag ca. 80 landbruksføretak. Produksjonsdyrpraksisen omfattar i hovudsak mjølkekyr og kjøtfe, samt sau, geit og gris. Det er også ein del hest i distriktet. Inseminering inngår p.t. ikkje i praksisen.
Stranda ligg sentralt i hjarte av Sunnmørsalpane. Vi har fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og eit variert og rikt kulturliv. Kommunen har bl.a. det største skisenteret på Nordvestlandet
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Krav om norsk autorisasjon som veterinær
- Godkjent inseminasjonskurs (Geno), ev. kan arbeidsgjevar kompensere for utgifter til kurs
- Du må ha førarkort kl. B. Kommunen er villig å diskutere avtale om tilgang på bil og utstyr.
- Nyutdanna vert oppfordra til å søkje
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling vert sterkt vektlagt.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig som veterinær.
- Du må ha god framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr
- Godtgjering for klinisk veterinærvakt etter gjeldande satsar
- Driftstilskot (p.t. ca. 260 000 kr/år som vert indeksreguler annakvart år)
- Køyregodtgjersle etter staten sine satsar ved bruk av eigen bil
- Fleksibel arbeidskvardag med smådyr, storfe, sau, geit og hest.
Kontaktinformasjon
Inge Bjørdal, 46411023, inge.bjordal@stranda.kommune.noArbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4873440652
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 20.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819659
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4fc0e68a6694993b2bc82cbf8bb5f52