Sommarjobb for ungdom - FriMoro
Vil du vera med og lage sommaraktivitetar i Luster kommune?
Luster kommune og Luster frivilligsentral skal i samarbeid med lag og organisasjonar tilby FriMoro og sommaraktivitetar i 2024.
FriMoro og sommaraktivitetane skal medverke til meistring, samhald, glede og nye opplevingar.
Aktivitetane blir i veke 26 og 27. Lengda på engasjementet kan variere frå to dagar til seks dagar.
For å gje eit variert tilbod til deltakarane treng me engasjerte og ansvarlege ungdommar over 13 år, som likar å arbeida med barn og unge.
Du får ansvar for å bidra der det trengs. Dette kan vera å lage mat, rydde, rigge i forkant og etterkant, bidra på aktivitetane m.m.
Kvalifikasjonar:
- Ha interesse for arbeid med barn og uinge
- Gode samarbeidsevner
- Ønskje om å bidra til at barn og uinge får ei fin oppving på sommaraktivitet
Du må levere politiattest av ny dato ved oppstart.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575