Tannpleiar
Org. nr: 974556782 Stillingsident: 4292395038 Presentasjon av stillingen:
Vestland tannhelseteneste - Sør Aust tannhelseområde har ledig 50% fast stilling som tannpleiar frå 01.01.2020. Tenestestad er for tida Etne tannklinikk. I tillegg til prioriterte grupper behandlar vi og vaksne betalande pasientar.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha autorisasjon som tannpleiar.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg.
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale avtale. Gode offentlege pensjon- og forsikringsordningar.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort
sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir
offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar, 99021332
Arbeidsstad
Etnesjøen
5591 Etne
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4292395038
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2020
Om bedriften
Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter -- TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).