Er du sjukepleiar, sjukepleiarstudent eller helsefagarbeidar?
Bli ein del av vårt team på ein inkluderande og fagleg robust observasjonspost!
Observasjonsposten har ledige helgestillingar på dag- og kveldstid, med arbeid kvar tredje helg.
Hos oss blir du del av ein spennande arbeidsplass der eit aktivt fagmiljø og eit breitt spenn av faglege arbeidsoppgåver ventar på deg. Du får ein forutsigbar årsplan med 16 helgevaktar i året. Vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling og kursdagar blir integrerte i turnusen din. På denne måten kan du kontinuerleg utvikle deg fagleg.
Velkomen som vår nye kollega!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til inneliggande og polikliniske pasientar med behov for behandling og observasjon
- Koordinere og delta i pasientforlaupet
- Bidra i rettleiing av studentar og nye kollegaer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, sjukepleiarstudentar er hjarteleg velkomne som søkjar (2. eller 3. året)
- Helsefagarbeidarae med erfaring kan søkje
- Sjukehuserfaring og/eller relevant klinisk erfaring
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlige eigenskaper vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er god på teamarbeid og på å skape eit godt lærings- og ytringsklima
- er ansvarsbevisst, strukturert og evner å prioritere mellom oppgåver
- er fleksibel og sjølgående
- tar initiativ og engasjerer deg i arbeidet
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv- bedrift (IA-bedrift)
- Spennande arbeidsplass med eit aktivt fagmiljø og stort fagleg spenn av arbeidsoppgaver.
- Forutsigbar årsplan med arbeid 16 helger i året.
- Fagleg og personleg utvikling
- Kursdagar i turnus
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Doreen Halleland, AvdelingslederArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4800673092
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.