Ambulansefaget: læreplass 2019-2021 - Ambulansetenesta
LÆREPLASS AMBULANSETENESTA I HELSE FØRDE
Ambulansetenesta ligg i avdeling for akuttmedisin i Kirurgisk klinikk. Tenesta har ansvar for ambulansetenester i Sogn og Fjordane, fordelt på 20 stasjonar.
Ambulansetenesta søkjer for hausten 2019 etter entusiastiske og motiverte lærlingar i ambulansefaget. Vaksenlærlingar som kan dokumentere gjennomført eksamen og læretid ned til 24 månadar, kan og søkje på læreplass.
Helse Førde vil ta imot inntil 6 lærlingar fordelt på våre større stasjonar i Sogn og Fjordane fylke.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og fysiske testar. Fysiske testar må vere bestått før ein får tilbod om lærekontrakt.
Vi oppmodar søkjarar om å beskrive ynskje om lokalisasjon for læreplass fordelt etter Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene går i å utføre ambulanseoppdrag i vaktperioden, samstundes som å utnytte ledig tid til vedlikehald og fagleg utvikling i form av e-læring, praktiske øvingar og teortisk fordjuping.
Kvalifikasjonar
- Bestått eksamen fra VK1 ambulansefag eller tilsvarende kompetanse
- Dokumentere behov for læretid og tal månader (vaksenlærling)
- Førerkort klasse B, eller dokumentere ein plan for dette
- Stette helsekrava for førekort klasse D
- Personleg eigna for yrket (referansar)
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne
- Kunne bruke pc og officeprogram som arbeidsverktøy
- Plettfri vandel (god orden og adferd)
Utdanningsretning
- Ambulansefag
Utdanningsnivå
- Fagskole / Fagbrev
Personlege Eigenskapar
- Initiativ og engasjement i arbeidskvardagen.
- Vi vektlegg karakterar, samd fråversdokumentasjon
- God fysisk og psykisk helse. Bestå fysiske testar ved intervju /opptak i juni
- Tidlegare arbeid / praksis
- Motivasjon
- Evne til samhandling og samarbeid
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Pliktoppfyllande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Vi tilbyr to år læretid i vakker og storslått natur kor oppdraga i stor grad fylgjer årstidene med stor variasjon og spennvidde
- Rettleiing til lærlingar med eigen lærlingansvarleg og eigne lærlingsamlingar både for første og andreårs-lærlingar
- Undervisning og oppfølging av eigen kompetanseseksjon i ambulansetenesta.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Etter endt læretid er det lyse utsikter for jobbtilbod i ambulansefaget
Kontaktinformasjon
Kjartan Heggø, Områdeleiar, (+47) 415 30 507
John Andor Ellingsund, Avdelingsleiar, (+47) 415 30 506
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Førde
Ref. nr.:4023892353
Stillingsbrøk: 100%
Engasjement heltid
Startdato: 02.09.2019
Sluttdato: 31.08.2021
Søknadsfrist: 01.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4023892353&company_id=5783030101&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.