Lege i spesialisering ØNH
ØNH OG KJEVEKIRURGI MOLDE OG KRISTIANSUND, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering ØNH
Oppstart
3. juni 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
ØNH ved Molde sjukehus har ledig ei fast stilling for lege i spesialisering ØNH-sjukdommar frå 03.06.2024.
Seksjonen har i dag 5 overlegar og 5 LIS. LIS går i 5-delt heimevakt. Ingen helgevakt på noverande tidspunkt. Seksjonen er tilknytt hørselssentral og kjevekirurgisk eining. Våren 2025 opnar vi eit topp moderne akuttsjukehus på Hjelset som då vil bli din nye arbeidsstad.
Byen vår, Molde, er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, sykling, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod.
Er dette noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga!
Arbeidsoppgåver
* Klinisk arbeid ved poliklinikk, skiftestue og sengepost* Operasjon
* Hørselssentral
* Delta i seksjonen si vaktordning
Kvalifikasjonar
* Norsk autorisasjon som lege* Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
* Tidlegare ØNH erfaring vektleggast særskilt
* Gode norsk kunnskaper både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
* Samarbeidsvillig* Sjølvstendig
* Interesse for faget og personleg eignatheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Benny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), Benny.Blomkvist@helse-mr.noArbeidssted
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4811069494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.06.2024
Søknadsfrist: 21.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2644779
- Sist endret
7. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a7e0c39888345f7800ee294d778686a