Førstekonsulent i Kristiansund - fortløpande tilsetting
FUFSR - Seksjon for utl.forvaltning, Møre og Romsdal politidistrikt
Storgata 43, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Førstekonsulent i Kristiansund - fortløpande tilsetting
Antall stillinger
1
Som følge av forventa auke i asylankomstar i samband med krigen i Ukraina, har vi ledig ei midlertidig stilling (forenkla tilsetting) som førstekonsulent ved seksjon for utlendingsforvalting i Kristiansund. Vi er på jakt etter deg som ønsker å bidra inn i eit meiningsfullt samfunnsoppdrag og som kan tiltre snarast.
Administrativ tilsetting med varigheit tom. 31.12.22. Tilsettinga kan ikkje forlengast utover ei samla varigheit på seks månadar.
Stillingane er oppretta for å styrke utlendingsforvaltinga, for å kunne handtere mottak og registrering av asylsøkarar og for å kunne ha nødvendig og tilstrekkeleg beredskap dersom asyltilstrøyminga i vesentleg grad tar seg opp. I tillegg vil du jobbe med andre oppgåver knytt til politiet si førstelinje i utlendingsforvaltinga. Mykje av arbeidet vil skje i publikumsmottaket.
Vi søker deg som har kjennskap til, engasjement og interesse for fagfeltet utlendingsforvalting. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar, høg servicegrad og likar å jobbe i førstelinja med publikum. Du er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst, og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Seksjon for utlendingsforvalting er organisert som ein av fire seksjonar under Felles eining for utlending, forvalting og sivil rettspleie (FUFSR). I seksjonen er der pr. i dag 17 ansatte med variert bakgrunn, utdanning, erfaring og alder. Seksjonen er organisert med to oppmøtestadar – Ålesund og Kristiansund. Den ledige stillinga har Kristiansund som oppmøtestad.
Stillinga må søkjast på elektronisk. Vitnemål og attestar må leggast ved søknaden. Originale attestar og vitnemål eller rett kopi som stadfestar kompetanse og ansiennitet skal takast med til intervju. Intervju og tilsettingar vil bli gjennomført fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre mottak og registrering av asylsøkarar
- Publikumsbetjening og service knytt til seksjon for utlendingsforvalting
- ID-kontroll, person- og dokumentkontroll
- Mottak, registrering og skanning av søknadar frå nettportal
- Biometriopptak for utsteding av reisedokument og opphaldskort
- Kontinuerleg utvikle eigen kompetanse på fagfeltet
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Minimum treårig vidaregåande utdanning/fagbrev
- God skriftleg og munnleg uttrykks- og formidlingsevne på norsk og engelsk
- Gode datakunnskapar
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg:
- Relevant høgare utdanning. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Utdanning som ikkje har vedlagt NOKUT-godkjenning vil ikkje bli vurdert.
- Kjennskap innan utlendingsfeltet og ID-arbeid
- Kjennskap til offentleg forvalting og saksbehandling
- Erfaring frå arbeid i publikumsmottak
- Kunnskap i fleire språk
Personlege eigenskapar
- Du har høg grad av sjølvstende, er serviceinnstilt og har evne til å ta initiativ
- Du er motivert og viser engasjement og interesse for utlendingsfeltet
- Du har god stressmestringsevne, jobbar målretta og løysingsorientert
- Du er strukturert, nøyaktig, effektiv og ansvarsbevisst
- Du samarbeidar godt, har evne til å utvikle gode relasjonar og å bidra til godt arbeidsmiljø
Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. I vår vurdering av kandidatene vil vi også vektlegge desse verdiene. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil bidra i samfunnsoppdraget til politiet
- Midlertidig stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) - fortløpande administrativ tilsetting t.o.m. 31.12.22.
- Lønn frå kr. 413 500 (frå lønnstrinn 43), der endeleg plassering av løn er avhengig av ansiennitet, erfaring og kvalifikasjonar.
- Tilsetting etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det vert trekt to prosent av løna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
- Fleksibel arbeidstid med mogelegheit for trening i arbeidstida.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Fylling, seksjonsleiar, 70118782Arbeidsstad
Storgata 436508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.:4540746939
Stillingsprosent: 100%
Førebels
Om bedriften
Møre og Romsdal politidistrikt er eitt av 12 politidistrikt i Noreg og vi dekkjer heile Møre og Romsdal fylke.
Vi jobbar etter prinsippa i medarbeidarplattformen for politiet som inneber å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på.
Politiet meiner at inkludering og mangfold er ei styrkje. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg kan vi tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Etter at søknadsfristen er gått ut blir det sett opp ei offentleg søkjarliste. Opplysingar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Vi oppfordrar alle søkjarar om å registrere utfyllande CV i søknadsportalen og legge ved relevante vitnemål og attestar.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2054798
- Sist endret
17. august 2022
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f7df935c65b443e9ae8d14ac3f3cb354