Ferievikarar i inntil 100%
Psykisk helse og rus, avdeling Bruli, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar i inntil 100%
Oppstart
16. juni 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. februar
Når sommaren kjem og våre tilsette skal ha sommarferie, vil me få behov for deg som kan vera ferievikar ved Bruli bufellesskap, avdeling for psykisk helse og rus. Ferieperioden er veke 25-33.
Bruli er eit bufellesskap med 8 omsorgsbustader for brukar med alvorleg psykisk liding og/eller rusproblem. Det er to til tre tilsette på jobb samstundes, og bustaden er bemanna frå kl 08.00 til 21.30, 7 dagar i veka.
Som sommarvikar blir du ein del av eit godt fagmiljø av sjukepleiarar, helsefagarbeidar og pleiemedarbeidar.
Arbeidsoppgåver
- Personleg assistanse
- Praktisk bistand
- Miljøarbeid
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning, eller i gang med helsefagleg utdanning. Andre er også velkomne til å søkje.
- Gyldig politiattest- ikkje eldre enn 3 månadar
- Språkkunnskapar minimum på nivå B2
- Førarkort klasse B
- Søkjar må vera over 18 år
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Du har godt humør og ei positiv innstilling
- Du er engasjert og fleksibel
- Du ynskjer å bidra til å gjera ein forskjell for våre bebuarar
Vi tilbyr
Bonusordning:
- Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 25-31 blir bonus 1000 kr per veke, i tillegg til ordinær lønn.
- Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 27-33 blir bonus 2000 kr per veke, i tillegg til ordinær lønn.
- Til deg som bind deg for 8 veker, heile perioden, veke 25-33 blir bonus 2500 kr per veke, i tillegg til ordinær lønn.
Det er ein føresetnad at du faktisk jobbar 75 - 100% i avtalte veker for å få utbetalt bonusen. Dersom du i avtalt periode har fråvær, vil du miste bonus for aktuell(e) veke(r).
Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Søkjerar som kan jobbe 6-8 veker blir prioritert. Du må rekne med å arbeide annankvar helg.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Carsten C. Hald, Verksemdsleiar, 90937093, carsten.hald@vinje.kommune.noLena Eilefstjønn, Avdelingsleiar, +47 91243386, lena.eilefstjonn@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4917787981
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 27.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2855135
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d0a4c86d232e428095f55fade5b174b5