Vi søkjer dyktige gynekologar til Kristiansund sjukehus!
Vil DU bli vår kollega?
Vi søker dyktige gynekologar til Kristiansund sjukehus! Du vil vere ein del av teamet som årleg skal ta imot over 700 born i Nordmøre og Romsdal.
Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdomar i Nordmøre og Romsdal har verksemd både i Molde og i Kristiansund. Vi har eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø som arbeider godt saman. Vi held på med ei stor satsing som inneber rekruttering av fleire nyutdanna jordmødre og legar i spesialisering. Utover obstetrikk har vi òg eit godt poliklinisk og kirurgisk tilbod ved sjukehuset. Det kirurgiske tilbodet held eit høgt nivå, og vi gjer det meste av generell gynekologisk kirurgi - laparoskopisk, abdominalt og vaginalt.
I 2025 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset. I fødeseksjonen er det planlagt tre fødestuer med moglegheit for utviding av fødekapasiteten. Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til obstetrikk, poliklinikk og kirurgisk aktivitet. Du blir ein del av fleire dedikerte tilsette, eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard kor det jobbast godt i team. Les meir om sjukehuset her.
Du vil bli ein del av eit større fagmiljø i Helse Møre og Romsdal. Vi samarbeider nært med kollegane våre i Ålesund og Volda, i tillegg til St. Olavs hospital i Trondheim som har regional funksjon. Her vil det vere gode moglegheiter for jobbutveksling, hospitering og anna samarbeid som til dømes forsking. Det er med andre ord gode moglegheiter til å utvikle seg fagleg. Vi kan òg vurdere søknadar frå kandidatar som er nær å fullføre spesialiseringa si.
Visste du dette om Kristiansund?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Må vere godkjent spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
- Må meistre norsk/ skandinavisk språk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og samstundes fungere godt i team
- Du må vere motivert for fagleg utvikling
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Gode vaktordningar
- Eit godt fagleg miljø med internundervisning, faste møter og eit variert arbeidsfelt innan faget
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Flyttestønad etter gjeldande reglement
Søknadene blir vurdert fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Ønskjer ikkje å verte kontakta av telefonseljarar.
Kontaktinformasjon
Johan Kippervik, Avdelingssjef, 922 29 812, johan.kippervik@helse-mr.noArbeidsstad
Kristiansund sjukehus6508 Kristiansund N
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4468384689
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2022
Søknadsfrist: 30.06.2022
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal