Helsesekretær 100% fast stilling
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk genetikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har regionansvar for medisinsk-genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn, og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar og ein merkantil seksjon. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft (RKAK) og Regionalt senter for presisjonsmedisin er òg knytta til avdelinga. Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan vår Medisinsk-genetiske poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg.
Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt genetisk tilstand. Fagområdet medisinsk genetikk er i rask endring, basert på ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve. Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. Forsking er ein viktig del av vår verksemd.
Seksjon for merkantile tenester har totalt 5,8 årsverk som skal dekkje behovet for merkantile tenester for heile avdelinga. Arbeidsoppgåvene er fordelt på ulike arbeidsstasjonar og helsesekretærane rullerer mellom stasjonane etter oppsette planar. I tillegg blir helsesekretærane tildelt spesialoppgåver etter behov.
På seksjonen har vi ledig ein fast stilling (100 %) som helsesekretær. Ønske om snarleg oppstart.
Arbeidsoppgåver
- Betene ekspedisjon og poliklinikk i avdelinga si opningstid 08.00 - 15.30
- Blodprøvetaking
- Mottak og registrering av pasientprøvar
- Klargjere innkommande tilvisingar
- Administrere timeavtalar til polikliniske konsultasjonar
- Handtering og utsending av prøvesvar og skriftleg pasientinformasjon
- Teikning av slektstre
- Utføre tildelte spesialoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsesekretær
- Erfaring frå relevant sjukehusarbeid og kjennskap til DIPS, Unilab og andre fagsystem er ein føremon
- Meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Gode kunnskapar i engelsk er ein føremon
Personlege eigenskapar
- Vere ansvarsbevisst og nøyaktig
- Ha høg arbeidskapasitet og takle ein hektisk arbeidskvardag
- Kunne arbeide etter fastlagde prosedyrar
- Ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Vere fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit travelt medisinsk sjukehusmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hege Celine Førde, Seksjonsleiar, 55975484Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4893170828
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.12.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2807064
- Hentet fra
talentech
- Referanse
59f05b51863948f9b09d0e564d86be6f