100 % vikariat som Miljøterapeut/miljøarbeidar
Jobbnorge ID: 187517
Om stillinga
Sogn og Fjordane ungdomssenter avd. Bregnetunet i Førde, har ledig eit vikariat i 100 % stilling frå august og ut desember 2020. Stillinga er for tida i tredelt turnus, med vakne nattevaktar på helg.
Arbeidsoppgåver/ansvarsområder
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senteret sine retningslinjer og fagleg rettleiar
- Motivere og engasjere ungdom i positive aktivitetar
- Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom
- Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon
- Hovudkontaktansvar, til dømes bruk av kartleggingsverktøy, utarbeide handlingsplanar og retningslinjer, rapportar og gjennomføre strukturerte samtalar og sikre medverknad
- Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga
Kvalifikasjonskrav
- For tilsetting som miljøterapeut vert det kravd treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Det vert lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd
- Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Fordel med god kunnskap i bruk av IT-verktøy og krav om førarkort for personbil
- Evne til å ta imot rettleiing og å gjere seg nytte av denne
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Sjå meir på vår heimeside: Bregnetunet for meir informasjon
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som har evne til å ta ansvar, er sjølvstendig og trygg i vaksenrolla
- Du kan ivareta ungdom og deira behov, samtundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv
- Du er fleksibel og trivast med utfordringar
- Du har evne til å nytte traumebevisst tilnærming i møte med ungdom
- Du har fokus på brukarmedverkning og familie- og nettverksarbeid
- Du har gode evner til å bygge relasjon
- Du har gode evner til samarbeid
Vi tilbyr
- Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard
- Arbeidstid etter gjeldande turnus
- Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ som kode 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut i LR 15, alt. 5 - 11, p.t. kr 386 200 - 496 100 pr. år (ltr 40 - 56). Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan stillinga plasseras i kode 1509 spesialutdanna vernepleier, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, LR 18, alt. 5 - 11, p.t. kr 456 400 - kr 532 300 pr. år (ltr 51 - 60) eller kode 1173 klinisk sosionom og 1496 klinisk barnevernspedagog LR 18 alt. 7 - 11, p.t. kr 456 400 - 532 300 pr. år (ltr. 51- 60)
- For søkjarar utan høgskuleutdanning kode1488 (relevant høyere utdanning under 3 år) LR 17, alt. 3 - 11, p.t. kr 354 500 - 456 400 pr. år (ltr 33 - 51), kode 1203 (fagbrev som omsorgsarbeider eller barne- og ungdomsarbeider) LR 11 alt. 7 - 11, p.t. kr 354 500 - 397 100 pr. år (ltr 33- 42) eller kode 1486 miljøarbeidar LR 04, alt. 5 - 11, p.t. kr 323 200 - 402 600 pr. år (ltr 25 - 43)
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Turnustillegg kjem i tillegg.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktig betingelsar, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Generelle opplysningar
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Vi ønskjer oss derfor medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rett kandidat bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet.
- Politiattest vert kravd ved oppstart, jf. Lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 25.
Kontaktinformasjon
Avdelingsleiar Ester Ytredal tlf. 46619766 e-post
Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit evt. intervju
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne - og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sogn og Fjordane ungdomssenter er ei institusjonseining for barn og unge i alderen 12 - 18 år(20 år) som treng eit mellombels institusjonsopphald eller ein statleg familieheim. Eininga er organisert i 2 institusjonsavdelingar, Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid. Sogn og Fjordane ungdomssenter har og eiga avdeling for familieheimar.
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Bregnetunet, har 4 plassar for ungdom. Institusjonen ligg i eit etablert byggfelt i Førde, med god infastruktur og mange tilbod i nærområde.