Vil du forske på økotoksikologi?
Om stillinga
Ved Havforskingsinstituttet er det ledig ei fast 100 % stilling, som forskar (1109) innan økotoksikologi. Stillinga er knytt til forskingsgruppe Smittespreiing og sjukdom med arbeidsstad på Havforskingsinstituttets forskingsstasjon på Austevoll. I jobben vil du arbeide som ein del av eit team med ei rekkje forskarar og teknikarar, og vil være involvert i ulike forskingsprosjekt innan økotoksikologi knytt til akvakultur og miljøpåverknad.
Vi ser etter ein motivert forskar med doktorgrad i økotoksikologi eller tilsvarande fagfelt. Utslepp av legemiddel og andre kjemikaliar frå oppdrett har potensial til å påverke sensitive arter i fjord- og kystmiljøet. Til stillinga vil vi ha ein motivert forskar som ynskjer å forstå korleis legemiddel og andre kjemikaliar brukte i oppdrett påverkar individ, populasjonar og økosystem.
Om forskingsgruppa
Forskingsgruppa Smittespreiing og sjukdom har prosjekt innan tema farmakologi, økotoksikologi, patogen og sjukdom i fisk og marine arter, lakselus og økosystempåverknader frå oppdrett.
Metodane i gruppa spenner frå tokt og innsamling av feltprøver til eksperimentelle forsøk i våtlaboratorium og avanserte kjemiske og molekylærbiologiske analyser. Resultata vert blant anna brukte til å vurdere risikoen for, og konsekvensar av, påverknaden oppdrettsnæringa har på miljøet i fjordar og langs kysten.
Forskinga vår bidreg òg til å betre kunnskapsgrunnlaget som instituttets rådgiving bygger på, og gjennom dette styrke dei avgjerdene som forvaltning og departement gjer på bakgrunn av instituttet sine råd. Vi har derfor som mål å arbeide med og skape det naudsynte kunnskapsgrunnlaget for gode forvaltningsråd gjennom å forstå dei økologiske konsekvensane av utslepp av legemiddel og andre kjemikalie til det marine miljøet. Stillinga vil inngå som del av eit team med solid kompetanse innan praktiske forsøk i felt, laboratoriearbeid og analyse.
Sentrale arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil inkludere forsking innan relevante økotoksikologiske problemstillingar med vekt på effektar av legemiddel brukte til behandling mot lakselus på non-target arter. Stillinga vil bli knytt til pågåande prosjekt og vil blant anna få ansvar for utvikling og etablering av laboratoriemetodar, samt gjennomføring av felt-, våtlab- og laboratorieforsøk. Du som blir tilsett vil ha ansvaret for innsamling, oppstalling og bruk av forsøksdyr. Du vil også delta i og få ansvar for bearbeiding og publisering av resultat, samt å delta aktivt i utvikling av nye prosjekt i teamet og gruppa. I tillegg vil du delta i instituttets kunnskapsstøtte og rådgivingsoppgåver.
Det må påreknast noko reiseverksemd, samt at arbeidsoppgåvene kan endrast over tid for å gjenspegle Havforskingsinstituttets behov.
Kvalifikasjonskrav
Til denne stillinga ser vi etter deg som har:
- Doktorgrad innan akvatisk toksikologi eller anna relevant fagfelt.
- Teoretisk og praktisk erfaring innan eksperimentell akvatisk toksikologi, inkludert erfaring med åtferdsstudie.
- Erfaring med oppstalling og bruk av forsøksdyr, spesielt marine evertebratar.
- Høg kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk.
Arbeidsspråket på Havforskingsinstituttet er norsk. Det å kunne kommunisere godt på norsk er ein viktig føresetnad både for den tilsette og for instituttet. Vi legg til grunn at ikkje-norskspråklege tilsette gjennomfører norskkurs i løpet av dei to fyrste åra etter tilsetting. Norskopplæring vil bli dekka av instituttet etter fullførte og beståtte kurs.
Ønskjeleg kompetanse
Itilegg er det en fordel om du har:
- Erfaring med planlegging, gjennomføring og analyse av in vivo toksikologiforsøk, deriblant dose-respons studie, åtferdsstudie og. ikkje-letale målparameter som for eksempel enzymaktivitet og oksygenforbruk.
- Erfaring frå arbeid med akvatiske artar i felt.
- Erfaring i bruk av statistikkprogrammet R eller tilsvarande.
- Erfaring med miljørisikovurdering.
- Kunnskap om berekning av EQS-verdiar.
- Noko forskingserfaring.
- Evne til å planlegge, gjennomføre, analysere og publisere forskingsresultat.
- Kunnskap om norsk akvakultur og norske forhold.
Personlege eigenskapar
Vi på Havforskingsinstituttet er overtydde om at personligheit spelar ei rolle i korleis ein jobbar, kommuniserer og trivst på arbeidsplassen. Til denne stillinga ser vi for oss ein medarbeider som;
- er god på å samarbeide med andre på tvers av fagfelt
- er opptatt av å lære av sine erfaringar og tilbakemeldingar
- er god til å forutsjå potensielle problem og kan løyse desse på ein god måte
- har evne til å planlegge arbeidet, både for seg sjølv og andre, opp mot gjeldande, og ofte korte fristar
- ser det store bildet i ein stor og kompleks organisasjon, med tanke på overordna mål og delmål
- er opptatt av gode relasjonar på arbeidsplassen og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Inkludering, mangfald og positiv særbehandling
Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar
med redusert funksjonsevne.
Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.
For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.
Vi tilbyr
- arbeid i ein av Europas leiande forskingsinstitusjonar, med stor samfunnsmessig relevans
- eit spanande og solid fagmiljø
- fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
- offentleg tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse
- bedriftsidrettslag, med moglegheit for trening i arbeidstida
- bedriftshytter
Ytterlegare informasjon
Stillinga vert løna som 1109 forskar, i samsvar med hovudtariffavtala i staten. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Søknad må sendast elektronisk via Jobbnorge. For å bli vurdert må motivasjonsbrev (maks 1 side), CV, relevante attestar og vitnemål, samt publikasjonsliste leggjast ved i søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt om å vera unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.
Ynskjer du fleire opplysningar om stillinga kan du kontakte forskingsgruppeleiar Bjørn Olav Kvamme på telefon 416 12 076 eller e-post: bjornok@hi.no, seniorforskar og prosjektleiar Ole Samuelsen på telefon 944 89 082 eller e-post ole.samuelsen@hi.no.
Besøk gjerne våre nettsider på www.hi.no.
Havforskingsinstituttet feirar 120 år!
Me feirar over hundre år med havforsking!
Om bedriften
Om Havforskingsinstituttet
Havforskingsinstituttet er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.
Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.